Lokal | 23. aug. 2016

Kom med fleire millionar ekstra

Helge Andre Njåstad og Harald Tom Nesvik hadde med seg fire - fem millionar ekstra i regionssentertilskot då dei vitja partikollega Terje Søviknes (Frp) tysdag.

Kom med fleire millionar ekstra
Stortingspolitikarane Helge André Njåstad og Harald Tom Nesvik vitja partikollegane Gustav Bahus, Terje Søviknes og Silje Hjemdal på Luranetunet tysdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 23. aug. 2016 17:18

Leiar i kommunal- og forvaltningskomiteen, Helge Andre Njåstad (Frp) og parlamentarisk leiar Harald Tom Nesvik (Frp) er denne veka på turné på Vestlandet for, som dei sjølv seier, sjå kor verdiane blir skapt.

– Det er spennande å sjå kva som skjer på Vestlandet. Ekstra spennande med tanke på kommunereforma og at det no byggast opp sterke kommunar rundt Bergen, slik som med Os og Fusa. Det trur eg kan gje kommunar med muskler til å mellomanna konkurrere om nye arbeidsplassar, fortalde Njåstad.

Har peika på eit problem

Os-ordførar Terje Søviknes, sit som leiar av den kommunalpolitiske komiteen i partiet. Ei gruppe som har gjeve partikollegaene i regjering og på stortinget innspel i høve det kommunale inntektssystemet.

– Ei av dei tinga Terje har peika på er at dei kommunane som blir tydelege regionssentre treng ekstra penger for å bli sterke til å handtere sosiale utfordringar, styrke kulturtilbod og liknande.

– Difor fekk vi i fullmakt å forhandla fram eit ekstra regionssentertilskot, noko regjeringspartia saman med Venstre har lagt inn for statsbudsjettet for 2017, fortalde Njåstad.

200 millionar på landsbasis

Forhandlingane gjorde at ein set av 200 millionar årleg på årsbasis til dei kommunane som blir nye regionssentre etter at kommunesamanslåingane blir vedteken i Stortinget våren 2017. Effekten for 2017 blir difor halvårleg.

– For Os og Fusa sin del, betyr det at om det blir det antalet vi trur som slår seg saman, at dei får mellom 4 og 5 millionar ekstra kroner som ein ekstra stimulans for å lykkast. Den eksakte summer avhenger av kor mange som slår seg saman og kva nøkkel ein skal legga til grunn. Vårt innspel er at dei skal fordelast per innbyggjar i dei nye kommunane.

– Dette er altså penger som kjem på toppen av dei andre gulrøtene i kommunereforma, fortalde dei to stortingspolitikarane.

Har blitt høyrd

Søviknes var nøgd over å ha blitt høyrd av partikollegaene i Oslo.

– Eg er nøgd med denne bonusen. Vi har jobba for å få justeringar på vekstkommunetilskotet, som har vore viktig for ei kommune som Os med ein vekst på mellom 2 og 3,5% . Det krev mykje ny sosial infrastruktur for å halde tritt med ein slik vekst. No er det ikkje klart for neste år, men det er vel antyda at vi får 16 millioner neste år.

– Når dette kjem på toppen, så byrjer det å monne og gjer at vi kan utvikle sentrum og den nye kommunen vidare, kommenterte Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.