Kultur | 14. apr. 2014

Komisk kamp på Catten

Påskeaftan på Catten blir komisk på ein ny måte når Jon Hægland arrangerer Comedy Fight Club.

Komisk kamp på Catten
Jan Tore Kristoffersen og Pål Rønelv er to av dei fire komikarane som skal i fight på Catten laurdag. (Foto: KVB/ill: Standup Bergen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. apr. 2014 21:09

Jon Hægland og standupklubben Råkt Opp & Ned er tilbake på Catten, denne gang med eit opplegg som ikkje har vore i Os før.

– Vi leiger Standup Bergen sitt konsept, Comedy Fight Club, fortel Jon, som laurdag arrangerer battle mellom fire komikarar frå Bergen og Oslo.

Best for publikum – verst for komikarane

Hægland forklarer at Comedy Fight Club er ein battle-versjon der komikarane ikkje står ansikt til ansikt og skjeller kvarandre ut, men at dei får i første omgang fem intense minutt kvar til å kjøra sitt opplegg.

– Den som får mest applaus er sist ut i andre omgang. I pausen trekk alle kvar sine to tema, eitt generelt og eitt aktuelt.

Sjølv skal Jon nøya seg med å styra showet.

– Den som får minst applaus må først ut, og får berre pausen på å skriva nytt materiale. Dei andre kan skriva mens den første er på scenen.

– Dette er ein form for show som er best for publikum og verst for komikarane. Er det dårleg så kjem eg til å oppmoda til buing, er det bra så er det 10 gongar så bra som elles.

Tre frå Bergen, éin frå Oslo

Til Fight Club laurdag har Hægland med seg Pål Rønelv, Jan Tore Kristoffersen, Thomas Anthun Nielsen og Halvor Johansson.

– Mange av komikarane i Bergen er opptatt i påsken, men eg har vore heldig og fått tak i Halvor, som er eit stjerneskot frå Oslo.

Hægland reknar med at han kjem til å gjera ein betre jobb enn Grim Moberg som konferansier.

– Publikum er dommarar, men det er eg som skal måla mengda applaus. I Bergen plar det vera Grim Moberg som har den jobben, og han er heilt elendig på å måla applausen i salen, og det er alltid kaos når han styrer showet.

– Eg håper og trur eg klarer akkurat dette betre enn Grim, ler Jon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.