Lokal | 23. sep. 2016

Kommunal balansekunst

Lesarinnlegg: At noko ikkje er ulovleg betyr ikkje nødvendigvis at det er klokt.

Kommunal balansekunst
Nils-Anders Nøttseter (MDG) slår fast at Osfest-vedtaket var lovleg, men at det ikkje var ei klok forvaltning (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 23. sep. 2016 05:29

Takka vera lokal presse har eg blitt merksam på at Fylkesmannen har svart på kravet om lovlegkontroll i saka om stønad til Osfest. Eg har ikkje fått oversendt informasjon om dette av kommuneadministrasjonen slik fylkesmannen ber om i brevet sitt.

I brevet eg fekk kopi av frå Os & Fusaposten og Midtsiden (med to minutts mellomrom) konkluderer Fylkesmannen med at avgjerda er lovleg. Ordføraren har altså lov til å vera einaste administrative saksførebuar i saka, han har lov til å ikkje svara på spørsmål i formannskapet kring vesentleg informasjon han var kjend med på tidspunktet, og han kan samstundes nytta dobbeltstemma si til å avgjera saka.

Eg meiner det er dårleg forvaltningsskikk å gjera det på denne måten, og eg finn støtte for dette i vedlegget som Fylkesmannen sjølv visar til, ei uttale frå Kommunal- og regionaldepartementet frå 2008:

“Kommuneloven bygger på prinsippet og et skille mellom politikk og administrasjon. I dette skillet ligger at det er administrasjonens ansvar å sørge for at sakene er forsvarlig utredet før de legges fram for politikerne til behandling. Dette er likevel ikke til hinder for at ordføreren legger fram innstilling overfor formannskap/kommunestyre, med forslag til vedtak, når en sak er ferdig forberedt fra administrasjonen. Prinsippet vil imidlertid kunne bli uthulet dersom ordføreren går dypt inn i den administrative prosessen, og i realiteten opptrer som saksbehandler i enkeltsaker eller grupper av saker. Dermed kan ordføreren bli en aktiv premissleverandør på det som skal være rådmannens og administrasjonens arena. (...) Departementet vil understreke at dersom ordføreren kommer med innspill i forbindelse med administrasjonens innstilling, er det viktig at det kommer tydelig frem for det folkevalgte organet som skal treffe vedtak hva som er utarbeidet fra administrasjonens side og hva som er politisk innspill fra ordføreren.”

Det er viktig at folkevalde som har ansvar for å forvalte kommunenøkonomien på best mogeleg måte kan ha tillit til saksførebuinga og at alle fakta er på bordet. Det er problematisk når vesentleg informasjon blir liggjande for lenge i ordførarens innboks, eller når informasjonen ikkje når ut i det heile. Mykje kommunikasjon i dag foregår også på SMS som kan vere vanskeleg å få innsyn i.

Denne saka er så viktig for meg fordi det er vesentleg for innbyggjarane si tillit til systemet at forvaltninga i kommunen er god, open og rettvis. Diverre vart pengane frå formannskapet sitt disposisjonsfond løyva heilt utan krav om rekneskap og rapport, slik Framstegspartiet og Høgre ville ha det. Så korleis akkurat denne halve millionen kommunale midlar er brukt av mottakarane ville ikkje posisjonen krevja å få vita noko om, trass i at eg påpeikte nett dette i handsaming av saka.

I følge Fylkesmannen i Hordaland er framgangsmåten lovleg. Men klok forvaltning - det er det ikkje.

Nils-Anders Nøttseter
Gruppeleiar Miljøpartiet Dei Grøne Os

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.