Lokal | 09. apr. 2014

Kommunal sjøorm?

Har du undra deg over kva som går for seg på fjorden mellom Raudholmane og fastlandet? Her er svaret.

Kommunal sjøorm?
Fleire har undra seg over kva som går føre seg på fjorden (lesarbilete)
Andris Hamreonsdag 09. apr. 2014 11:13

Midtsiden har dei siste par dagane fått fleire spørsmål om kva det er som foregår utforbi moloen ved Mobergsvikjo.

Fleire blåser og noko som kan likna lenser eller rør har lagt i vatnet.

Ein telefon til Johannes Håkonsund på prosjektavdelinga i Os kommune gav svar.

– Vi held på med å få lagt ned ein ny pumpeleidning frå Lekvenvågen til Kunhnlevika.

– Denne skal pumpa kloakken som kjem ned nærmare sentrum over til det eksisterande reinseanlegget i Kuhnlevika.

– Når OHARA seinare står ferdig, skal den koblast på det anlegget, forklarer Håkonsund, som reknar med at arbeidet med då legga leidningen vil vera ferdig i løpet av nokre dagar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.