Lokal | 10. sep. 2014

Kommunen vil ikkje satsa på elbilar

Kommunen vil ikkje gjera ei yttarlegare satsing på elbilar. – Denne utgreiinga hadde fått stryk om den blei levert som ei oppgåve på skulen, meiner Jon Sivert Rykkel (V).

Kommunen vil ikkje satsa på elbilar
Jon Sivert Rykkel (V) vil ha ei auka satsing på elbilar i kommunen, men fekk ikkje med seg formannskapet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 10. sep. 2014 10:42

Formannskapet behandla tysdag kommunen sin innkjøpsstrategi for elbilar, der administrasjonen rår til at ein ikkje får ei ekstra satsing på elbilar. Ein skal ha elbilar i den kommunale bilparken og auka det gradvis i åra framover, men då innan dei eksisterande rammene.

– Eg synest i utgangspunktet at pilotprosjektet var veldig bra, difor var eg veldig skuffa da eg las denne saksutgreiinga. Ikkje berre over konklusjonen, men òg sjølve utgreiinga.

– Det at det berre er refererert til éi kjelde burde i seg sjølv ha fått varsel-lysa til å blinka. Argumenta i artikkelen til Eirik Stavseth i DN, som det blir vist til, burde vore debattert i saksutgreiinga, slik som den blei i kommentarfeltet i avisa.

– Denne utgreiinga er for tynn og for lite kjeldekritisk. Hadde den blitt levert på skulen hadde den fått stryk, seier Jon Sivert Rykkel, som i møtet prøvde å presentera nokre av motargumenta han sakna i utgreiinga.

Miljø vs økonomi og bruk

Espen Aspenes (Frp), som var meir kritisk då saka var oppe sist, og syntest det i førre sakspapirer var litt for mykje halleluja-stemning, var samd i at det kunne vera litt tynt å henga konklusjonen på eitt "sannhetsvitne", men meinte likevel utgreiinga var god.

– Det dreier seg om meir enn utslepp og miljø. Det dreier seg òg om økonomi, finansieringskjelder, behov for dobbelbilpark, brukartryggleik og -sikkerhet.

– Det er ikkje alle einingane elbil er eigna. Der skal vi ikkje ha det. I dei eininga kor det passar betre skal vi ha det. Eg meiner konklusjonen er grei, oppsummerte Aspenes.

Må komma fram

Han fekk støtte frå partikollega Terje Søviknes, som peika på noko av grunnen til den enorme veksten innan elbil-bransjen.

– Som følgje av ei kraftig lobbyering får entusiastane har vi fått eit særnorsk regime for elbilar.

– Det gjer at folk vel desse bilane av økonomiske omsyn, som framkommelegheit i kollektivfelt, gratis parkering også vidare, meir enn dei vel dei av miljøomsyn.

– Eit anna viktig moment som går framfor alt anna er at vi skal levera tenester til våre brukarar og våre ansatte skal ha tenelege verktøy for å levera dei.

– Allereie før utprøvinga registrerte vi uro for dette. Rekkjeviddeangst er eit begrep som har vore nytta. Vi skal ha respekt for at dei som skal levera tenestene skal ha eit verktøy dei følar seg trygg på.

– Samstundes, så er det delar av tenestene våre, som her på rådhuset til dømes, kor bilane ikkje skal gå i turnus, som kan ha meir nytte av elbilane, konkluderte Søviknes, som fekk støtte frå dei fleste andre partia.

Treng fleire ladepunkt

Rykkel ønska å sende saka attende til administrasjonen for ei betre utgreiing, men fekk ikkje støtte for det.

– Vi ønskjer ikkje saka tilbake for å skriva ei sak om ideologi og tru. Det blir for vanskeleg.

– Vi skriv om økonomi. Der bilen går heile døgnet og ein må ha ein reservebil fordi den må ladast, så er det ikkje økonomisk forsvarleg.

– Når det gjeld bilane her på huset så er det ei anna problemstilling som dukker opp, og det er ladepunkt.

– Skal ein ha fleire elbilar, må vi òg bygga ut fleire ladepunkt, ellers blir bilane ståande.

– Bilane er heilt greie og driftssikre, men vi treng meir utbygging av infrastruktur før vi kan ta dei i bruk i stor skala.

– Dessuten er vi usikre på restverdien når dei skal avhendast. Difor rår vi til å sjå korleis utviklinga blir og i staden konsentrera oss om å få på plass fleire ladepunkt, forklarte rådmann Knut Terje Rekve før fleirtalet i formannskapet gav si tilslutning til administrasjonen si innstilling.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.