Lokal | 16. des. 2016

Kommunstyret må fortsatt verna Os

Lesarinnlegg: Korleis i himmelens namn har vi kome dit at det er snakk om å «redda» Os frå eit vegprosjekt vi lett kunne ha stoppa for 5 år sidan?

Kommunstyret må fortsatt verna Os
Skisse: Plan Arkitekter/Statens vegvesen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. des. 2016 08:07

Eg har hevda frå første innlegg i 2012 at det aldri vil kunna vera mogleg å føra ferjefri E39 inn gjennom Os utan å det vil få store negative konsekvensar.

Ingenting av det som har kome fram gjennom prosessen, rapportar eller planarbeidet, har endra på dette. Heller ikkje administrasjonen i Os kommune si defensive tilråing i saka, eller Signe Eikenes (Statens vegvesen) sine «forsikringar» endrer det faktum at bu-, friluft- og naturområder vil bli kraftig råka med bru over Bjørnafjorden og «highway» gjennom Os.

Korleis i himmelens namn har vi kome dit at det er snakk om å «redda» Os frå eit vegprosjekt vi lett kunne ha stoppa for 5 år sidan?

I 2013 vedtok kommunestyret dette om ei eventuell traséval over Bjørnafjorden:

«Ilandføring av bru i Os skal ikkje skje i Søre Øyane/Røttingen..»

«Os kommune kan ikkje akseptera at regionale frilufts- og naturverdiar i skjergarden i
Søre Øyane vert råka»

«Friluftsinteresser, natur, landskap og estetiske verdiar må vektleggjast ved linjeval og
utforming av flytebru/tunellpåslag»

På tysdag (20.12.2016) skal kommunstyret ta stilling til den statlege kommunedelplanen om ferjefri E39 Os-Stord. Ingenting nytt har kome opp som skulle endra på det kommunestyret meinte i 2013.

Vi kan ikkje vera dårlegare til å ta vare på Os i 2016 enn i 2013!

No er det snakk om hurra! for tunnel under delar av Os, «avbøtande tiltak» og å følgje krava til støytiltak som loven pålegg. Når det gjeld det siste veit vi som bur tett med Halhjemsvegen ALT om kva det inneber. Statens vegvesen er ikkje det minste interessert i å skjerma tettbygde bumiljø frå trafikkstøy. Heller ikkje Os kommune er spesielt opptatt av dette. Eg skal innrømme at mykje av mitt engasjement i denne saka handlar om djup mistru til Statens vegvesen. Men eg snakkar ut frå erfaring, og eg veit at mange deler den same erfaringa.

Det er veldig spesielt at ein byråkrat i Statens vegvesen uttaler seg om den demokratiske prosessen knytt til dette monsterprosjektet. Eg er sikker på at dei tilsette i vegvesenet gjer jobben sin, dei er jo berre interesserte i å få byggja så mykje veg som mogleg.

Det demokratiske underskotet i bru-saka handlar ikkje om jobben dei gjer, men om korleis folk her i Os opplever at det triksast med urealistiske alternativ:

Er det nokon som hugsar ilandføring i Bjørnatrynet? Eller skiftande politiske forsikringar (jmf. vedtaket frå 2013, lenkegjengen til vara-ordføreren, mm) og det faktum at dei som skal vedta vegprosjektet (Stortinget) enno ikkje har fått sagt sitt.

Folk føler at dette har foregått over hovudet på dei. Det er blitt tatt snarvegar innan det politiske som ingen likar. Argumentasjonen har vore sjølvmotseiande og rapportar av ulik kvalitet og vakre bru-illustrasjonar har hagla i ein intens PR-kampanje for bru over Bjørnafjorden.

Signe Eikenes seier til Midtsiden at vegvesenet bruker tid til å sikra gode prosessar. For meg er det meir og meir tydeleg at denne prosessen handlar om å mørne opinionen i Os. Det handlar om å venne folk til tanken om at denne vegen kjem akkurat der vegvesenet heile tida har hatt ønskje om å legge den.

Dette er ingen prosess. Dette er ein påvirkningskampanje.

Det er mange i Os som er glade i amerikanske kultur. Som amerikanar synst eg det er hyggeleg. Men det er ikkje alt som kjem frå Amerika som er like ok. Trump, Black Friday og tungtrafikk som kvin på «highwayen» klarer vi oss fint utan her.

Glenn Erik Haugland
Os Venstre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.