Fint spinnaker-legg etter Bekkjarviksundet (Foto: Terje Boge)

Kongebåt raskast rundt Huftarøy

«XFram», tidlegare eigd av Kong Harald var raskast dei 24 nautiske mila rundt Huftarøy Kristi Himmelfartsdagen.

Av: Andris Hamre

Tradisjonen tru arrangerte Os Seilforening «Alutec Huftarøy rundt» Kristi himmelfartsdag. 

– Det har blitt ein tradisjonsrik regatta på 24 nautiske mil som snart feirar 30-årsjubileum.

– Med vêrmeldingar om strålande sol og god vind var grunnlaget lagt for ein fantastisk tur rundt Huftarøy i Austevoll, fortel Svein Skoglund i regattakomiteen til Os Seilforening.

Favoritten innfridde

25 båtar var påmeldt til regattaen, ein liten nedgang frå i fjor.

– Likevel var det mange store og heftige båtar frå heile Hordaland på start, saman med våre eigne helter i Os seilforening.

– Ein av dei mest profilerte seglarane i Hordaland, Jan Åge Langeland, har kjøpt ein av Kong Harald sine gamle Fram-båtar og døpt den om til «XFram».

– Det er ein ILC 40, så her var risikoen stor for at Magnus Stangeland sin «Blå Bånd»-rekord på 3 timar, 39 minutt og 52 sekund skulle ryka.

Til å ta opp kampen mot Langeland stilte rekordinnehavar Stangeland i sin First 40.7 «Flyfisk» og Olav Østervold med ein moderne X-41 OD «Margrethe» òg til start.

– Det var grunnlag for ein heftig seglas, slår Skoglund fast.

Først, men enda på femte

Første båt i mål, blei som venta «XFram».

– Han var berre 30 sekund unna å ta «Blå Bånd»-rekorden med tida 3 timar 40 minutt og 22 sekund, så det var nære på.

– Med sitt høge rating-tal på 1,117 holdt det likevel berre til 5. plass på korrigert tid, forklarar Skoglund.

Fare for nærkontakt

Skoglund fortel om ein flott, men tidvis krevande seglas. Løpet gjekk frå Strøneosen, nordom Lindholmen, under brua til Austevollhella, innom Grøningen, under Bekkjarvik brua, rundt Kalstadbrua og tilbake til mål i Strøneosen.

– Det blei kryss og litt slør før spinnakarane kunne settast ved runding Lindholmen, det blei ein fin lens ned på vestsida av Huftarøy og ut på Møkstrerfjorden kor det var om å gjera å finna fri vind og halde seg unna vindskuggene i dei smale partia mellom holmane før farvatnet opna seg igjen mot Grøningen.

– Då vi kom ut i Møkstrerfjorden auka vinden på, så det blei ein fantastisk spinnakerseglas nedover mot Bekkjarviksundet. Her er det trangt og med så mykje vind kan det bli heftige nærkontaktar, så det var om å gjera å posisjonera seg. Bølgane auka på, så de lettaste båtane surfa inn mot sundet, men med god rormann og godt mannskap gjekk dette greitt for alle båtane.

– Etter passering Bekkjarvik roa vinden seg noko før det tok seg godt opp att lengre sør mot Kalstaboen. Her var det no heilt platt lens og rormannen måtte vera svært stødig for å balansera båt og spinnaker. Det blei nokre heftige brotsjøer på «Marlin» Deler 34. Artig å sjå på for oss andre, men ganske heftig for dei som var om bord der, men som resultata viser fekk dei raskt kontroll igjen og hadde ein fin seglas på kryss-leggen nordover igjen, fortel Skoglund.

Vanskeleg taktisk val

På veg opp mot Strøneosen igjen auka vinden til over 10 m/sek og straumen gjekk sørover.

– Her blei taktikken viktig. Skulle ein gå mot Reksteren kor det var mest vind og fare for å vika for gassferjene, eller langs Huftarøy kor vind, bølgjer og straum var mindre.

– Kva som var det beste valet er ikkje godt å seie, men skulle eg vald i ettertid hadde eg nok landa på langs Huftarøy, seier Skoglund, som i seglasen var mannskap på «Gran Tante».

– Inn mot mål blei det ein fantastisk kryss, kor bøgjene auke, så rormannen fekk ei stri tørn med å halde fart i båten og halde høgde med minst mogleg slag før målgang.

– Det var nok den minste båten «Milla», BB25, med ungdommane Henrik og Haakon Birkeland, som merka bølgjene mest. Men med god hjelp frå far Trygve som mannskap, kom dei seg greitt i mål, avsluttar Skoglund.

Vinnarane

Etter at tidene blei korrigert for rating blei vinnarane:

NOR Rating f.o.m. 0,985: Venivi m/Jan Hjellestad, Bergen Seilforening
NOR Rating f.o.m. 0,921 t.o.m. 0,984: Marlin m/Hermod Opstvedt, Os Seilforening
NOR Rating t.o.m 0,920: Ina Kristine m/Janet Lepsøy, Os Seilforening
NOR Rating doublehanded: Stella m/Terje Rønning Eltvik og Nils Midtseter, Os Seilforening
NOR Rating uten spinnaker: TY m/Ingjald Selland, Bergen Seilforening

Komplett resultatliste finn du her 

Fleire saker