Magne Lunde. I dag får han denne. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/Kjartan Hauglid, Det Kongelige Hoff)

Kongens medalje til Magne Lunde

I dag får trommespelar Magne Johan Lunde (60), truleg som første rockemusikar i Noreg, Kongens fortenstmedalje.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag klokka 16 får Magne Lunde overrekt Kongens fortensmedalje i sølv. Seremonien finn stad i Oseana.

– Eg har vore med på mykje spennande, på scenen og i studio, fått gode spelejobbar og vunne fleire Spellemannsprisar, men bortsett frå å bli far og bestefar er dette det største som har skjedd meg, seier Lunde.

Magne har levd av å spela trommer i 44 år. Han er framleis aktiv i fleire band i tillegg til at han underviser ved Os kulturskule.

Ordføraren ønskjer velkomen

Medaljemottakaren har deltatt på 154 album, fleire av dei har selt til gull. Han har også ei rekkje Spellemannsprisar i stova heime på Halhjem.

– Magne har hatt ein heilt unik posisjon både i Noreg og i europeisk målestokk som attraktiv musikar både i studio og LIVE. Han har vore aktiv i mange år og er i tillegg med på å vidarebringa kunnskapen sin til komande generasjonar, seier ordførar Terje Søviknes.

- Det blir ei stor glede å sjå Magne få denne medaljen på brystet. Dette er ein stor dag for han og dei som vil er velkomne til å få med seg seremonien og nokre musikalske innslag i Oseana i dag, seier Søviknes.

Eit forbilde

Thomas Gallatin er tidlegare elev av Magne og blant anna spelt trommer for Marit Larsen. Han synes også det er stas med medalje til Lunde.

– Magne har i stor grad bana vei for fleire generasjonar trommeslagarar og andre musikarar i Noreg. Derfor er det veldig kjekt å høyra at han no får fortensmedalje, seier Gallatin.

– Først i Noreg

– Vi i miljøet synes dette er utruleg kjekt. Det er så vidt eg kjenner til første gong ein trommespelar, truelg også første gong at ein musikar innan rockesjangeren, får denne form for utmerking, seier professor Bruce Rasmussen frå Kristiansand.

Rasmussen er trommespelar, professor i rytmisk musikk og underviser ved Unversitetet i Agder. Han er læraren til blant andre verdsmeisteren i trommer, Baard Kolstad.

– Eg blei introdusert for Magnepå 70-talet. Frå før kjente eg til han frå band som Saft, som han nok er mest kjent for.

– Magne dreiv nybrotarbeid, han kom med noko nytt, var kreativ og ein du fort la merke til musikalsk, seier Rasmussen.

Rasmussen og Lunde har jamleg kontakt. Dei treff også kvarandre ofte.

– Det har vore ein glede å kjenna Magne alle desse åra og det er vel fortent at han får denne medaljen. Ekstra kjekt er det at han både er ganske aktiv sjølv og at han får brukt dei pedagogiske evnene sine, seier professoren frå UiB og gratulerer Magne med dagen og medaljen.

Les om Kongens fortenstmedalje på kongehuset.no

Fleire saker

bilde-midtsiden

– Målet er nådd

13. februar 2016

Etter sølv i lagtempo fredag og sin beste 5000-meter nokosinne laurdag ser Sverre fram til VM allround i Berlin.

bilde-midtsiden

Bedrageri og tjuveri for 31.000 kroner

13. februar 2016

Han innrømte både misbruk av kredittkort, tjuveri av sju pc-ar og besittelse av hasj og ecstasy, men kunne ikkje dømmast for alt.

bilde-midtsiden

Leia Noreg inn til VM-sølv

12. februar 2016

Sverre viste rå styrke og drog ein runde lengre enn planlagt då Noreg tok 2. plass i Kolomna.

bilde-midtsiden

Victoria på plass i Lillehammer

12. februar 2016

I kveld opnar Ungdoms-OL 2016. Victoria Hufthammer frå Os er ein av 3000 som jobbar frivillige under leikane.

bilde-midtsiden

Vil bli verande i Os

12. februar 2016

I dag tidleg vanka det kaffi, kakao og valentins-sjokoladar til osingane på busstasjonen – banken vil visa at dei er her.

bilde-midtsiden

Dyr køyretur - dyr oppførsel

12. februar 2016

Ein bilist utan førarkort blei avslørt i ein butikk, ein mann nekta å oppgje namnet sitt fram til han fekk handjern på. Begge fekk saftige bøter...

bilde-midtsiden

Blir truleg forseinka og dyrare

12. februar 2016

Utbygginga av Luranetunet går ikkje etter planen. Fornminner forseinkar utbygginga og kan auke kostnaden.

bilde-midtsiden

Mange vil jobba med flyktningar

12. februar 2016

Over 60 personar søkte på tre stillingar i flyktningetenesta. – Det er godt kvalifiserte folk som har søkt, seier Nils-Petter Borge.

bilde-midtsiden

Uansvarlig av ordføreren

12. februar 2016

Leserinnlegg: Glenn Erik Haugland (V) reagerer på hatfulle ytringer rettet mot Trine Skei Grande (V) på Terje Søviknes (Frp) sin facebook-vegg....