Kultur | 30. mars 2011

Konsert for ny sovesal

Sundag 10. april arrangerer Nornekoret innsamlingskonsert til Nsumba barneheim i Uganda.

Konsert for ny sovesal
Andris Hamreonsdag 30. mars 2011 09:18

Innsamlingskonserten blir arrangert i Nore Neset Aktivitetshus. Inntekten frå konserten går til Nsumba Barneheim. Jenter frå barneheimen var i fjor på treningsleir i Bergen og spela treningskamp mot jentelaget til Os før dei reiste til Norway Cup.

- Vi fekk spørsmål frå Hilde Køppen i Stiftinga «Bring Children from Street» om vi på Os kunne dra i gang noko inntektsbringande tiltak, og sjølvsagt kunne vi det, seier Tove Tvedt Skarstein.

- Då jentene i Nornekoret fekk spørsmålet var det et klart ja, dette ville alle være med på.

Ny sovesal

Barneheimen held på og byggje en ny sovesal, men manglar pengar til toalett/dusjanlegg og solcellepanel. Parallelt med konserten vil det væra sal av lodd.

- Det vart naturleg for oss å arrangere ein konsert til inntekt for barneheimen. Det har i fleire år vært samla inn midlar til Nsumba og fotball-laget deira som kjem til Noreg kvart år i samband med Norway Cup.

Marco leiar konserten

Nornekoret har satt saman ei variert konsertoppleving.

- Til å leia kvelden har vi fått med oss den profilerte basketspilleren, ungdomsarbeideren, foredragsholderen og det Rause Medmennesket Marco Elsafadi, fortel Skarstein.

- Kvelden spenner frå song med Nornekoret og Nore Neset barnehage til artistar frå forstillinga om unge H.C Andersen, Jostein Berge med band og Myrna Braza med band. Representantar frå barneheimen kjem og for å fortelja litt om heimen.

- Vi avsluttar konserten med kaffi, heimebakst, loddsal og varer frå Uganda, avsluttar Tove Tvedt Skarstein.

Om Nsumba barneheim

  • Ligg i Uganda
  • Har 400 born i alderen 1 – 18 år buande
  • Arbeider med å byggje ein ny sovesal til gutane med sanitæranlegg og solcellepanel for at borna skal få lys på romma sine
  • Ønskjer å byggje eit kjøken for å betra hygiena og hindra smitte og spreiing av sykdommar
  • Freister å vera sjølvforsynt med mat for eige jordbruk med eigne husdyr som kuer, griser og høns.
  • Skule drives av staten for borna i barneheimen og området rundt med 60-80 elevar i kvar klasse.
  • Stiftinga bak barneheimen ønskjer å starta ein barnehage slik at dei yngste ungane får eit betre tilbod.

Saka er skriven av Isak Røen. Han er i praksis hos Midtsiden.no om dagen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.