Lokal | 20. aug. 2014

Kor går ungane, eigentleg?

Dette ønskjer kommunen svar på når dei no søkjer fylkesmannen om midlar til å registrera ungane sine snarvegar til skulen, «barnetråkka» i Os.

Kor går ungane, eigentleg?
Her, ved Elvebakken og Byvegen, er ein sti ned frå Klokkargarden. (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 20. aug. 2014 08:22

Fleire kommunar har gjort det allereie, registrert kor dei naturlege ferdselsåra for barn er, til dømes til og frå skulen.

– Barn og unge er naturleg rasjonelle på sitt vis. Dei vel den kortaste eller kanskje den vegen dei opplever som den trivelegaste når dei skal frå éin stad til ein anna.

– Dette blir ofte i arealplanlegging kalla for «barnetråkka», dei naturlege vegane som ungane nyttar.

– Hensikta med prosjektet er å få kartlagt desse snarvegane, slik at vi kan ta det inn i arealplanen og nytta den kunnskapen i framtidige utbyggingar, forklarer Henning Wenaas Ribe, arealplanleggjar i Os kommune.

Vil ivareta ungane

Bakgrunnen for søknaden er frå kommunen si side å i endå større grad kunna ivareta ungane sine interesser i framtidige utbyggingssaker.

«Fortetting fører til press på areal i nærmiljøa som nyttast av born og unge. Stiar og trakk vert regulert og utbygd. Der dei før kunne gå snarvegar gjennom skogsholt, brot, jorder osb., vert ungane nøydd til å gå omvegar langs bilvegen.

Kunnskap om naturlege leike plassar, område der ungane sjølv har funne gode leike kvaliteter, stiar og snarvegar, møteplassar, venteplassar, skumle plassar, farlege plassar – bør i større grad synleggjerast i handsaminga av plan- og byggesaker.

Snarvegane og dei uformelle leikeplassane er viktige rom som synar korleis born og unge les og verdsett deiras kvardagslandskap. Ei registrering av kor og korleis dei beveger seg, kva plassar dei verdset, kvar dei stoggar og pratar, venter, kva plassar dei tykkjer er skumle, ekle, osb. - rettar fokus mot områder kor kommunen og utbyggarar bør legge til rette for etablerte leikemønster.», heiter det mellomanna i grunngjevinga frå kommunen.

– Med dette prosjektet vil vi få eit verktøy som gjer at vi allereie i arealplanlegginga kan ta betre omsyn til dei yngste.

– Samtidig vil det vera eit positivt hjelpemiddel for utbyggarar, som sparar seg for mykje kartleggingarbeid om vi allereie har ei oversikt. Då kan dei tilpassa sine utbyggingsplaner ut frå dei funna vi har gjort.

Vil intervjua borna og teikna kart

Sjølve prosjektet ser kommunen for seg ved å gjennomføra intervju, workshops og kartlegging på alle skulane i kommunen. Gjennom dette vil dei registrera kor og korleis borna nytter og opplever sine kvardagslandskap.

Målet er å samla desse registreringane digitalt i eit eige temakart, som seinare kan bli nytta i den kommunale arealplanlegginga, både på overordna nivå og i detaljplanar.

– Kjenner de til slike tråkk allereie?

– Ein kollega av meg fortalte nett om ein snarveg på Søfteland frå brua ved fotballbanen og ned langs elva til industriområdet bak skulen.

– Der vel ungane å gå på stien langs elva i staden

– Det er den einaste eg kjenner til no, men eg er viss på at det finst fleire, avsluttar Wenaas Ribe.

Prosjektet, som er kostnadsrekna til 120 000 kroner, ser kommunen for seg å ha sluttført innan årsskiftet, om fylkesmannen blir med på ei medfinansiering.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.