
Fleire bilar blei avskilta då vegvesenet hadde kontroll i Hjellemarka 8. november i fjor. Alle bilane blei fjerna raskt, bortsett frå denne. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kor lenge skal denne bilen stå?
Tysdag 8. november hadde vegvesenet trafikkontroll på E39 i Hjellemarka. Fleire bilar blei avskilta, éin av dei blei ståande igjen.
– Bilen hadde falske oblat, oblat stole frå ein audi frå Fagernes, fortel Lars Harald Drange frå Statens vegvesen.
Bilen hadde heller ikkje forsikring eller betalt vegavgift, og føraren hadde ikkje førarkort på seg.
Etterlyst av politiet
Både føraren og passasjeren er frå utlandet. Vegvesenet kontakta politiet for å få hjelp med den papirlause føraren, og då viste det seg at mannen var etterlyst.
Fleire patruljar rykte ut og pågreip føraren. Etter det Midtsiden kjenner til er føraren frå Litauen, utan fast bustad eller arbeid i Noreg, og han hadde vore etterlyst i lengre tid.
Mannen, som er i 30-åra, var sikta for brot på straffelova paragraf 257 og 258, som har med vinningskriminalitet å gjera. Han blei 11. november varetektsfengsla i fire veker.
Kva med bilen?
Den parkerte bilen, ein Chrysler Voyager 96-modell, står ikkje i vegen for nokon. Men både vegvesenet og Midtsiden har fått melding med spørsmål om ikkje bilen skal fjernast.
– Vanlegvis har folk 24 timar på seg til å få fjerna avskilta bilar. Eg har aldri opplevd at ein bil har stått igjen så lenge som dette, seier Drange hos vegvesenet.
– Om folk opplever at folk har sett frå seg bilar på tilsvarande måte så er vi takksame om dei varslar oss. I eldre bilar kan det vera fare for lekkasje, men også bilar som er til sjenanse er ei form for forureining, seier brannsjef Stein Gjøsund.
Brannsjefen vil be vegvesenet, som er grunneigar, fylla ut skjema der dei ber om fjerning av bilen. Det same gjeld ein bil som lenge har stått på vegvesenet sin grunn på Halhjem.
– Så blir det opp til politiet å vurdera kvar bilen skal kjørast og om bilane skal få status som vrak eller ikkje, seier Gjøsund.
Politioverbetjent Terje Sperrevik seier politiet førebels ikkje har fått klage på bilen i Hjellemarka.
OPPDATERT: Fredag ettermiddag fekk Midtsiden melding frå lesar at nokon var å fikla med bilen. Seinare kom melding om at bilen er fjerna. Kven som har fjerna den er uvisst, men det er ikkje politiet i Os som står bak.
Sendte svar til fylkesmannen
Fylkesmannen har sendt brev til kommunane i Hordaland der han ber om svar på kva rutinar kommunen har for fjerning av bilvrak.
Gjøsund har nyleg sendt svar der han blant anna skriv:
• Det er i utgangspunktet grunneigar på staden vraket står som skriv under på skjema frå politiet med informasjon om den aktuelle bilen. Politiet syt for inn tauing, oppbevaring og etterforsking vedr. eigarforhald etc. Dersom vraket er parkert på kommunal grunn har brannsjef mynde på vegne av rådmannen til å fjerna det.
• Vanlegvis er det vrakpanta som dekker utgifter til tauing, men erfaringer viser at ein del av vraka er utanlandske bilar der vrakpantordninga ikkje er etablert. Dette gjer at kommunen får utgiftene når vraket blir fjerna frå kommunal grunn.
I 2011 blei 5 bilvrak fjerna, i 2010 blei heile 16 bilvrak taua vekk og i 2009 blei 10 bilvrak fjerna frå kommunal grunn ulike stadar i Os ved bruk av desse rutinane.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no
