Lokal | 11. sep. 2017

Kor stort er eit nærsenter?

Det er det denne gjengen frå planavdelinga i kommunen freister å finna ut når dei synfarar krinsane i samband med rulleringa av arealplanen.

Kor stort er eit nærsenter?
Planavdelinga i Os kommune synfarar i haust dei ulike krinsane for å finna dei naturlege avgrensingane på nærsentra. Her på Søfteland. (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 11. sep. 2017 12:06

Kommunen er godt i gang med rullering av arealdelen i kommuneplanen. Den skal seie kva område som til dømes kan nyttast til bustadbygging, offentlege formål eller landbruk. Den skal også seie noko om kva som skal vera nærsenteret i kvar av krinsane.

– Det er det vi no er ute for å sjå på. Kor går dei naturlege grensene for nærsentra. Vi kan ikkje berre setta passaren i eit punkt å setta ein sirkel rundt. Her på Søfteland har vi kanskje eit meir langstrakt sentrum, enn det vi finn til dømes i Søre Øyane kor det er eit lite areal avgrensa av mellom anna sjøen, forklarar Tina Sinclair, plansjef i Os kommune.

Det du treng, der du bur

Prinsippet dei jobbar etter er at du skal få det du treng i kvardagen der du bur.

– Forskning viser at kjem ein opp i avstandar på 8-900 meter eller om det tek meir enn 10-15 minutt så er det fleire som vel å køyra enn å gå.

– Difor ønskjer vi å sjå på korleis kan vi fortetta gamle byggesoner i dei områda vi definerer som nærsentre kor vi allereie har skule, butikk og ein tilrettelagt infrastruktur. Samstundes skal vi balansere ulike omsyna, som tildømes omsynet til kulturlandskap, landbruksjord og kulturminner.

Har flytta seg

Planavdelinga tek for seg krins for krins når dei ser på, og skal vurdera kor dei ulike nærsentra skal definerast.

– På Søfteland så har kanskje flytta, eller strekt seg sørover frå tidlegare kor det låg ved den gamle jernbanestasjonen og no rundt butikken. Med Hjellemarka og bygginga der, så flyttar det seg kanskje enno lengre sør. Det er blant dei tinga vi må sjå nærare på. Kanskje er det ikkje naturleg å fortetta her, men meir i området rundt Bergstø, eksemplifiserar kommuneplanleggar Asle Andaas.

Vil arrangere folkemøter

Sjølv om dei no først og fremst konsentrerar seg om nærsentra, nyttar planavdelinga høvet til også kaste eit blikk på dei områda som har kome inn som innspel til arealdelen av kommuneplanen.

– Vi har innspela markert i kartet, så vi ser litt på det også. Men det viktigaste er å komma seg ut og samla inn kunnskap. Sjølv om vi ikkje går i hagane til folk, men held oss på fortau og langs vegane, så er det veldig nyttig å treffa folk ute og sjå korleis områda ser ut.

– Etterkvart vil vi invitere til folkemøter for å diskutera framlegga med innbyggjarane. Alle skal få lov til å vera med, avsluttar dei to.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.