Lokal | 27. juli 2016

Kort ferie for vegbyggarane

E39 Svegatjørn - Rådal: Måndag startar arbeidet igjen, i løpet av august blir det opptrapping - og så kjem noko som kan bli noregsrekord i tunellbygging!

Kort ferie for vegbyggarane
Om ein månad byrjar dei å driva frå motsett side, om eit halvt år skal anleggstrafikken gå gjennom Skogafjellet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. juli 2016 10:45

Bildeserie:

Den eine retningen skal halda fram med å vera stengt ut august. (Foto: KVB)
Den eine retningen skal halda fram med å vera stengt ut august. (Foto: KVB)
For å få ned farten er det lagd dumpar og sett ut fartsmålar. (Foto: KVB)
For å få ned farten er det lagd dumpar og sett ut fartsmålar. (Foto: KVB)
Heisekranen skal brukast til å bygga portal over E39. (Foto: KVB)
Heisekranen skal brukast til å bygga portal over E39. (Foto: KVB)
Mens kulvert under komande ny Ulvenvegen er ferdig. (Foto: KVB)
Mens kulvert under komande ny Ulvenvegen er ferdig. (Foto: KVB)
1 av 4
Den eine retningen skal halda fram med å vera stengt ut august. (Foto: KVB)
For å få ned farten er det lagd dumpar og sett ut fartsmålar. (Foto: KVB)
Heisekranen skal brukast til å bygga portal over E39. (Foto: KVB)
Mens kulvert under komande ny Ulvenvegen er ferdig. (Foto: KVB)

I førre veke og denne veka har arbeidarane frå Veidekke med underentreprenørar, som Vassbakk & Stol, hatt ferie.

– Vi har hatt ei vaktordning så vi har vore folk på anlegget heile tida, både for å ha tilsyn og for å sjå at pumpene har gått som dei skal.

Sjå webkamera frå Svegatjørn

Prosjektleiar hos Veidekke, Trygve Slåke, seier det å halda tunellane tomme for vatn har vore det viktigaste desse to ferievekene.

Les òg: Så lange blei tunellane før ferien

– Etter to veker på lågbluss er vi i sving igjen i neste veke. Så blir det full produksjon igjen frå 8. august før vi trappar yttarlegare opp mot slutten av august.

Skal driva i 10 hol samtidig

Implenia har kontrakten på tunellane og kryssa i Fana, og skal berre driva 30 meter inn i Lyshorntunnelen frå Fana-sida.

Resten av vegen frå Os gjennom Skogafjellstunnelen (1,5 km), Endelausmarka (1,1 km) og Lyshorntunnelen (9,2 km) er det Veidekke som har.

– Det var sånn prosjektet var bestemt, det blir lite drift frå Rådal mot Os, vi har så og seia heile Lyshorntunnelen, seier Slåke.

Lyshorntunellen blir no driven i «alle tilgjengelege hol», både frå anleggstunell på Hamre, i fire stuffar (hol), to mot Rådal og to mot Endelausmarka - og i begge hola frå Endelausmarka.

Ser lyset til jul

I månadsskiftet august-september går første salve i dei to hola frå Endelausmarka til Svegatjørn, der over 20 % allereie er driven frå motsett ende.

Rundt årsskiftet skal dei møtast - då skal anleggstrafikken gå frå Svegatjørn til Endelausmarka gjennom Skogafjellstunnelen.

– Det blir ein milepæl når vi får opning gjennom Skogafjellet, det trur eg blir kjekt både for oss som jobbar på vegen og for dei som skal bruka den.

– Vi er no nærmare 200 i sving på vår kontrakt og skal auka med 18 mann i 3 skift når vi byrjar i dei to siste stuffane.

«Hotellet» i Ådnadalen har kapasitet til 160-170 personar og blir med dette nesten fullt.

Kan setja ny rekord

Når Veidekke auka frå 8 til 10 hol vil det bli drive over 300 meter med tunell i veka.

– Det vil variera litt kor fort det går, avhengig av kvar vi er i tunellane, men i periodar vil vi kanskje koma opp i 400 meter.

Slåke viser oss plansjar som heng på kontoret i Kolskogen som viser framdrifta til no, frå veke til veke. Konkrete tal kan gje motivasjon i organisasjonen, det å vera bevisst på at du er på veg, når du bygger veg, kan gjera godt.

– Eg trur det ligg til rette for at vi kan setja noregsrekord i kor mykje tunell det blir drive av eitt selskap på éi veke. Vi har plan om å finna at kva den gamle rekorden sånn at vi veit det om vi set ein ny.

Vil ha ned farten

Tryggleik er likevel det viktigaste.

– Vi har hatt nokre ulykker, og det tar vi på alvor. Utanom desse har prosjektet gått fint til no, men vi prøver alltid å ha fokus på gode rutiner og eit trygt arbeidsmiljø.

1. mai blei dagens E39 stengt i éin retning, trafikken frå Halhjem skal gå via Os sentrum fram til 1. september.

Dette er grunna bygging av ei grøft frå Svegatjørn til Ulvenvatnet.

Den reduserte fartsgrensa forbi anleggsområdet der grøfta blir laga er det ikkje alle som har hatt respekt for.

UP har tatt fartssyndarar der, i tillegg har det for ei veke sidan kome både fartsdumpar og ei tavle som viser om du køyrer for fort.

– Vi håper dette er til hjelp og ser fram til ein trygg og produktiv haust, seier Trygve Slåke.

Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn - Rådal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.