Lokal | 24. apr. 2015

Kortreist tulipanaksjon

Lions vil hjelpa «Ung Lørdag». Laurdag går alle inntekten frå tulipanaksjonen til ungdomsklubben.

Kortreist tulipanaksjon
President i Lions Os, Terje Hatvik på torget kor dei laurdag arrangerer den årlege tulipanaksjonen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 24. apr. 2015 07:10

Den siste laurdagen i april kvart år straumer medlemmane i Lions ut på gater og torg for å selja tulipaner til inntekt for foreninga sin humanitære aksjon kor inntektene går til forebyggande arbeid blant barn og unge under mottoet «Det er betre å forebygga enn å reparera».

– Her på Os er det ein kortreist aksjon.

– Tulipanbukettane vi sel for 100 kroner kjem frå Lyssand Gartneri og årets formål er den nystarta ungdomsklubben «Ung Lørdag», fortel Terje Hatvik, avtroppande president i Lions Os.

Av beste kvalitet

Lionspresidenten legg ingenting imellom når han skal reklamera for bukettane.

– Lyssand leverer tulipaner av høgste kvalitet, så vil du pynta opp stovebordet ditt i fleire dagar framover må du sjå etter folk i gule vester med favnen full av blomer.

– Vi står på Meny, Amfisenteret, i sentrum og på begge Rema-butikkane, reklamerer Hatvik.

Sjefen kjem

Lions i Noreg består av 11 distrikt, med omlag 400 klubbar. Tulipanaksjonen samlar årleg inn omlag 8,5 millionar kroner på landsbasis.

– Litt ekstra kjekt i år tykkjer vi det er at øverste leiar i Lions i Noreg, guvernørrådsleiar Kay Arne Sørensen blir med oss på stand.

– Han skal eigentleg i konfirmasjon, men vil nytta laurdagen saman med oss på torget for å samla inn penger i årets aksjon, avsluttar Hatvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.