Lokal | 19. mai 2017

Kortreiste planter på Øyro

Laurdag kan du skaffe deg nye planter til hagen rimeleg når Os hagelag inviterer til planteloppemarknad på Osøyro.

Kortreiste planter på Øyro
Laurdag blir det igjen planteloppemarknad på Osøyro (foto: Os hagelag)
Andris Hamrefredag 19. mai 2017 07:46

Som i fjor inviterer Os hagelag til planteloppemarknad på Osøyro.

– Det er mange som har kjøpt seg tomt og som er i ferd med å etablera seg med hus og hage. Mange er interessert i å lage til ein hage, men det kan vera kostbart. Difor arrangerer vi planteloppemarknad på laurdag frå klokka 11 på Osøyro, fortel Jan Helge Gram Eggestøl i Os hagelag.

Kortreiste planter

Plantene er det ulike hagefolk i Os som har henta frå eigen hage og gjeve til Os hagelag.

– På den måten er det "kortreiste" planter. Det blir sal av ulike vekster som bærbuskar, staudar, krydderplanter og sommarblomar. Det er berre å nytte høve til å få fornya hagen, seier Gram Eggestøl.

Marknaden vil gå føre seg ved Baronselva bak Jernia Sælen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.