Lokal | 25. mai 2017

Køyrde av vegen på Søfteland

Ung bilførar køyrde av Byvegen (E39) på Søfteland. Køyrd til legevakta for sjekk.

Køyrde av vegen på Søfteland
Nødetatane rykte ut på meldinga om utforkøyringa (ill.foto: KVB)
Andris Hamretorsdag 25. mai 2017 09:50

Klokka 11.03 køyrde ein bil av Byvegen på Søfteland.

– Kun førar i bilen. Vedkommande er ute, smerter i nakke og hovudet. Nødetatane på veg, meldte operasjonssentralen til politiet.

Trafikken kunne passere på staden, då bilen låg på sida utanfor vegen. Bergingsbil blei tilkalt.

– Mannleg bilførar (21) køyrd Os legevakt for sjekk. Ingen mistanke til promille etc, melder politiet.

Bilen er no fjerna frå staden og politiet har oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.