Lokal | 28. mai 2017

Køyrde med promille i Os sentrum

Mannen hadde ikkje førarkort å ta beslag i.

Køyrde med promille i Os sentrum
Politiet patruljerte ein del i Os laurdag ettermiddag, og fann fleire ting å reagera på i trafikken. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. mai 2017 08:01

Klokka 05.30 søndag morgon blei ein bilførar kontrollert av politiet.

– Patruljen møtte vedkomande i bil i eller nær Os sentrum, og syntest det lukta alkohol av han, fortel vakthavande politibetjent ved Os lensmannskontor.

Mannen, som er i 30-åra, har ikkje førarkort. Han blei tatt med til legevakt for blodprøve, og er mistenkt for både promillekøyring og køyring utan gyldig førarkort.

Tatt i snittmåling på Halhjemsvegen

Laurdag ettermiddag klokka 16.26 blei ein fartssyndar tatt på Halhjemsvegen.

Bilen blei målt til ein snittfart på 87 km/t i 70-sona. Bilførar, ei kvinne i 20-åra, vedtok forelegget ho fekk.

Ein time seinare, i Lysefjorden, blei ein mann observert av patruljen då han brukte handhalden mobil mens han køyrde. Også han fekk eit forelegg.

Støy frå fest

Det var sol og temperatur over 20 gradar i Os i går, også utover kvelden.

Fleire samla seg utandørs på fest, men i eitt nabolag blei det for høg lyd.

– Vi fekk melding klokka 23.12 om støy frå fest. Vi tok kontakt med dei som hadde festen, og dei dempa seg.

Fann død sau

I løpet av laurdagen kom det melding om funn av død sau.

– Sauen flaut djupt i Lysefjorden, fortel meldar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.