Lokal | 21. juli 2016

Køyrde på bakhjulet - dømt til fengsel

Ein ungdom frå Os er dømt til fengsel på vilkår etter å ha køyrd fort og uaktsamt i Lysefjorden.

Køyrde på bakhjulet - dømt til fengsel
(Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. juli 2016 08:21

I 18.30-tida ein måndag i mars blei ein gut på motorsykkel stoppa av politiet på Lyseklostervegen.

Han hadde blitt målt til både 73,9 og 92,3 km/t i 50-sona, i tillegg hadde han køyrd på bakhjulet og prøvd å køyra på bakhjulet fleire gongar.

Sikta møtte i retten og tilsto. Han samtykka òg i avgjerd ved tilståelsesdom.

– Ein klar mangel på respekt

Påtalemakta foreslo 14 dagar fengsel på vilkår og 3000 kroner i bot som straff.

Nordhordland tingrett meinte at sterke allmennpreventive omsyn gjer seg gjeldande for denne typen køyring.

At sikta køyrde i over 73 km/t forbi Nordvik skule, passerte 90 km/t på smale og uoversiktelege Lyseklostervegen og i tillegg køyrde på bakhjulet, fekk retten til å formulera seg som dette:

«Kjøringen samlet sett viser en klar mangel på respekt for sentrale trafikkbestemmelser.»

Sikta blei dømt i tråd med påstanden til 14 dagar fengsel på vilkår, 3000 kroner i bot og 10 månadar utan førarkort. Han må avlegga delvis ny førarprøve for å køyra motorsykkel igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.