Ein bilist blei stoppa av ein annan, og skjelt ut ved Liafjellstunnelen søndag formiddag. (Arkivfoto: KVB)

Køyrde «for seint» - blei stoppa og skjelt ut

Ungdomsfyll i Hegglandsdalen, vaksenfyll i Os sentrum, påkøyrd rev og litt tull i trafikken var blant det politiet sette fingrane i denne helga.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fredag og natt til laurdag var det pipebrann i Stegen og slåstkamp på Osbrua, laurdag og søndag fekk politiet andre ting å ta hand om.

– Det skal ha vore ein fest som noko russ arrangerte. Vi var innom i 23.30-tida, og då såg alt greit ut. Stemninga var god og det var mange vaksne vaktar, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.

Tre kvarter seinare fekk dei melding om at enkelte hadde bomma på inntaket.

– Ein gut og ei jente var dårlege, éin av dei fekk ikkje vaktane kontakt med. Dei blei begge tatt til legevakt.

Full mann i bakken

Seinare på natta, klokka 03.15, fekk politiet melding om at ein mann låg i bakken utanfor Peppes.

– Det var ein mann i 40-åra. Vi ville ta han til ruakutten, men dei kunne ikkje ta imot han, så då måtte vi ordna med hjelp til han på anna vis.

Hissig i Os - stoppa på Askøybrua

Søndag klokka 10.30 blei politiet oppringt av ein som fortalde om ein episode på E39.

– Han hadde blitt stoppa av ein annan trafikant ved Liafjellstunnelen. Vedkomande hadde skjelt han ut for at han køyrde så seint, før han sjølv sette seg i bilen og suste av garde retning nord.

Politiet i Os varsla kollegaer i Bergen. Mistenkte blei stoppa på Askøybrua.

– Han blei sjekka for promille og patruljen i Bergen tok ein prat med han. Vedkomande blei dimittert etter dette.

Påkøyrd rev og svane på byvandring

I 3.30-tida søndag blei politiet varsla om påkøyrd rev i Mobergsbakken ved Giljavegen. Politiet var opptatt med ein full mann og varsla vidare til vegtrafikksentralen.

Søndag klokka 12.45 fekk dei melding om svane i vegen i Landboden - og utanfor Joker på Øyro.

– Vi fann ikkje svana, så den har nok kome seg på elva igjen.

Vinglete køyring

Laurdag i 10-tida kontrollerte politiet 19 bilistar på Storum, alle var edrue.

Klokka 10.30 fekk dei melding om ein som køyrde vinglete frå Søfteland til Os. Vedkomande blei stoppa på Uno X, der han blåste grønt og fekk, etter samtale, køyra vidare.

Laurdag i 15-tida kom det melding om tigging ved Amfisenteret. Tigging er ikkje forbode, men om dei er plagsame og grunneigar vil ha dei vekk, kan dei bli bortvist. Då patruljen kom til staden var dei allereie vekke.

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

Stå saman med folket i Palestina!

26. april 2017

Lesarinnlegg, markering i Os 1. mai: I år vert det markert 50 år med okkupasjon av Palestina og 10 år med blokade av Gaza.

bilde-midtsiden

«Dobbelt» vårslepp i Os sentrum

26. april 2017

Då sentrumssjefen måtte på klinikken fekk vi styreleiar i sentrumsforeininga til å fortelja korleis laurdagens Vårslepp skal bli.

bilde-midtsiden

SjekkUT Os-fjella

26. april 2017

Os Turlag lanserer fredag, saman med DNT over heile landet, ein ny gratis app som gjer det enklare å finna turmål i Os.

bilde-midtsiden

Tre frå Os blei meister i feltskyting

25. april 2017

Sofia Dale, Sofie Evensen og Reidar Dahle vann kvar sin klasse i Hordastevnet. I tillegg plukka Os Skyttarlag med seg to sølv og ein bronse.

bilde-midtsiden

Pallplass med bismak

25. april 2017

Bilcross: Kristian B. Gjøen var i helga på pallen for første gong. Så blei han tvungen til å selja bilen som morfar har bygd til han.

bilde-midtsiden

Tommy kom til Os for å takka

25. april 2017

Den tidlegare toppskåraren på Lyn, Tommy Nilsen, kom personleg til Kuventræ for å takka Os og Jada for innsamlinga til «babyen» hans, Karanba i...

bilde-midtsiden

Fekk termokikkert i gåve

25. april 2017

Med det nye termokikkerten vil mannskap frå Røde Kors kunna sjå personar i terrenget på 1000 meters avstand, sjølv om det er bekmørkt.