Lokal | 12. sep. 2017

Køyrde for tett, fekk 6650 kroner i bot

Politi i sivil stoppa to MC-førarar måndag kveld.

Køyrde for tett, fekk 6650 kroner i bot
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. sep. 2017 07:26

Politiet patruljerte måndag kveld i sivil bil i Hagavik og på Byvegen.

Klokka 19 stoppa dei ein MC-førar i 20-åra etter snittfartmåling. Han blei målt til 70 km/t i ei 50-sone og fekk forelegg på 5.350 kroner og 3 prikkar på førarkortet.

I 21.30-tida følgde politiet ein MC-førar på E39 Byvegen. Dei observerte denne over tid og stoppa MC-en rett nord for Søfteland.

– Han køyrde for tett på køyretøyet framfor, og fekk 6.650 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Førar, også han i 20-åra, vedtok forelegget.

Oljesøl og påkøyrd hjort

Klokka 21.30 måndag kveld fekk politiet melding om oljesøl på Osbrua. Dette blei rydda vekk, men det er skilta «glatt vegbane» også i dag.

Tysdag morgon, klokka 07.40, kom det melding om påkøyrd hjort på Byvegen ved Tøsdalsskiftet. Ingen personar blei skadd og hjorten sprang frå staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.