Lokal | 20. jan. 2018

Køyrde vinglete i Os, blei stoppa i Bergen

To gongar fredag kveld fekk politiet melding om vinglete køyring. Minst éin av førarane var edru.

Køyrde vinglete i Os, blei stoppa i Bergen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. jan. 2018 08:06

Fredag klokka 21.10 fekk politiet melding om vinglete køyring.

– Det var, som det ofte er, folk i bilen bak som meldte frå, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Bilen køyrde retning Bergen, og passerte både Søfteland og Kalandseid. Ein patrulje frå Fana rykte ut og rigga seg opp i Skjoldskiftet.

– Dei stoppa ein bil med tre ungdomar i. Bilførar var edru og blei funnen ok.

Seinare på kvelden, i 1-tida natt til laurdag, fekk politiet melding om ein som køyrde seint og vinglete i Idrettsvegen mot Tøsdal. Bilen stoppa også midt i vegbanen før den køyrde vidare og tok av mot Halhjem.

Ein patrulje såg etter bilen på Halhjemsvegen, men fann den ikkje.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.