Lokal | 11. sep. 2017

Køyrer 2 x 240 kilometer for å stemma

Jan Erik prøvde å stemma i Sogndal, men blei sendt heim til Os.

Køyrer 2 x 240 kilometer for å stemma
F.v.: Anders Rød, Jan Erik Bøyum og Bendik Bjelke på veg frå Sogndal til røystelokale på Os. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. sep. 2017 12:26

– Eg har jo hatt all verdas tid til å førehandsrøysta, men så blei det dessverre ikkje gjort, seier Jan Erik Bøyum (24) og ler, lettare fortvilt over seg sjølv.

Jan Erik er student i Sogndal, men der ville dei ikkje ha stemma hans.

– Eg har røysta ved begge dei tidlegare vala etter at eg fylte 18 år, men i dag var det ikkje så enkelt.

I manntalet i Os

Førehandsstemmer kan leverast i kva kommune som helst, så lenge du står i manntalet i ein norsk kommune, og har røysterett. Men den fristen gjekk ut på fredag. På valdagen kan du berre stemma i den kommunen der du sto i manntalet per 30. juni i år.

Jan Erik Bøyum og kameraten Anders Rød, også han frå Os, var ikkje klar over dette, og gjekk til nærmaste vallokale.

– Anders sjekka opp, og han har meldt flytting og fekk stemma. Eg må heim til Os.

• Les òg: Her kan du røysta i Os - også utan valkort

Røystelokala i Os stenger klokka 21 i dag.

– Viktig å bruka stemmeretten

I 13-tida i dag sette Jan Erik seg i bilen. Anders Rød og Bendik Bjelke blir med for å halda Jan Erik med selskap på den noko lange vegen til røystelokalet.

– Vi må opp igjen til skule og jobb i morgon, så det blir ein snartur heimom.

Sist han var heime var for to veker sidan, då for å delta i Os Triathlon. Denne gongen blir det tur-retur så snart som mogleg.

Bøyum har nett starta tredje året på barnehagelærar-studiet ved Høgskulen på Vestlandet. Når han no skal skriva bacheloroppgåve blir det om bærekraftig utvikling.

– Blir det mykje politisk diskusjon i bilen, at det er interne meiningsutvekslingar som gjer at du er ekstra gira på å få stemt?

– Vi diskuterer sjølvsagt litt, men vi er ikkje overdrivent ivrige. Eg tar turen heim fordi eg synest at det er viktig å bruka stemmeretten sin. Sjølv har eg skifta parti i løpet av desse åra eg har hatt stemmerett, men eg er på same side som før. Miljø er det som engasjerer meg mest, og eg trur kvar stemme kan vera viktig.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.