Lokal | 23. nov. 2014

Kraftig røykutvikling på ferje

Alle dei 136 passasjerane måtte ta redningsvest på då det kom røyk frå maskinrommet på gassferja MF Bergensfjord.

Kraftig røykutvikling på ferje
Os brannvesen rykte ut til Halhjem og MF Bergensfjord i kveld. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. nov. 2014 21:20

Søndag i 20-tida rykte Os brannvesen ut til Halhjem etter at det kom røyk ut frå eit maskinrom i ei ferje på veg frå Sandvikvåg.

– Ferja la til land for eiga masking og fekk 136 passasjerar og rundt 70 bilar på land, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

Ingen blei skadd av røyken.

Øydelagt turbin

Brannvesenet rykte ut med røykdykkarar og konstaterte at det ikkje var fare for brann.

– Årsaka til røykutviklinga skal ha vore at eit lager i den eine turbinen blei øydelagt. Det kom olje ut og då denne blei varm oppsto det mykje røyk.

To av trustarane (sidepropellane) på ferja skal vera ute av drift etter hendinga, men ferja var altså manøvrerbar.

Det har ikkje kome olje eller annan forureining i fjorden.

Øving i går, praksis i dag

Passasjerane om bord blei bedt om å ta redningsvest på, men ingen om bord skal ha blitt skadd av røyken.

– MF Fanafjord hadde øving i går, og mannskapen ser ut til å ha gjort alt rett om bord på MF Bergensfjord i dag, seier Monsen, som var med og hadde debriefing med mannskapen etter at maskinrommet var inspisert.

Fjord1 meldte på sine heimesider at 05:10-ferja frå Sandvikvåg til Halhjem måndag morgon var innstilt, men har no informert om at ferja går likevel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.