Kirsten Lysen (t.v.) ringte til Gunnvor H. Leonsen då ho ville ha seg nytt naust. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kranselag for Crux i naust i Øyane

Etter 40 år i by'n flytta Kirsten Lysen heim. No har ho hatt fest ved sjøen for arbeidslaget frå Crux Vindfanget.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Vi har bygd garasje og hatt totalrenovering av naust før, men aldri bygd eit heilt naust frå grunnen, seier leiar ved Crux Vindfanget, Gunnvor Hernes Leonsen.

– Her har vi både rive det gamle, teikna nytt, tatt byggemelding og bygd det nye. Dette har vore eit ekstra lærerikt og kjekt oppdrag for arbeidslaget vårt, seier Leif Østrem og Karsten Wangberg, dei to tømrarane som leiar «CRUX Vindfanget vedlikehold».

• Les òg: Å passera tøffe hinder (Kirkens Bymisjon skifta namn i oktober)

Arbeidet starta i august. Torsdag heldt huseigar kranselag for tømrarlaget.

– Du må jo ha naust!

Oppdragsgjevar er Kirsten Lysen (fødd Strønen), som vaks opp i Øyane, men har budd i Blomsterdalen i sitt vaksne liv. I 2007 kjøpte ho tomt i heimkrinsen, i 2012 flytta ho inn i nytt hus.

– Eg likte å vera tilbake, men det var ein kollega i Bergen kommune som gav meg ideen om også å få meg eit naust. Ho meinte at eg burde ha naust då eg bur som eg bur, og så tenkte eg at dette var noko dei fire sønene mine òg ville ha glede av.

Etter å ha sjekka litt rundt fann ho ut at slektningar frå same gard som bestemora hadde arva eit naust dei ville selja. Kirsten fekk kjøpa, og ville i utgangspunktet berre ta noko vedlikehald.

Kirsten fekk høyra om Crux Vindfanget då Gunnvor heldt foredrag for ei foreining Kristen er medlem i. Kort tid seinare fekk ho altså behov for tenestene til vedlikehaldsgruppa.

– Godt å ha meiningsfylt arbeid

Tidlegare var deltakarane utelukkande anten på veg ut av rus eller i tilpassing etter soning av fengselsstraff. No er CRUX Vindfanget også ein stad for andre som ønskjer tilpassing og trening på veg ut i arbeidslivet.

– Vi har stort sett vore 5-6 deltakarar på prosjektet, og det har vore folk som er flinke med praktisk arbeid. Stemninga er god ved sjøen og produksjonen har vore bra, synest Leif.

– Det er ekstra kjekt at vi òg har hatt med oss ei jente i arbeidslaget. Ho er flink til både å jobba og å sjå kva som bør gjerast, ikkje minst til å halda orden på arbeidsplassen. Ho ryddar effektivt, strammar opp oss gutta litt og er med på å gjera at vi har det hyggeleg på jobb, legg Karsten til.

Ein av deltakarane, Magnus Storebø, fortel at han var arbeidsledig i halvanna år før han for eit halvt år sidan fekk plass hos Vindfanget.

– Det er tungt å gå lenge ledig, dette er mykje meir oppmuntrande enn å sitja heime. No har eg fulle arbeidsveker og kjekke, lærerike dagar. Leiarane er veldig flinke, både til å losa oss ufaglærde gjennom arbeidsdagen og til å skapa eit varmt miljø. Det betyr mykje også for vegen vidare.

– Går du vidare i samme fag?

– Eg har gått to år på skule innan tømrar- og murarfag, men no ser det ut som om eg kjem til å bli lastebilsjåfør.

Fekk pizza og kake

Det nye naustet er trekt litt tilbake på tomta, for å få større kai mot kveldssola, men er elles like stort som det gamle, rundt 50 kvadratmeter grunnflate.

Jobben er ikkje ferdig, målet er å få tett naust, med vindauge og dører, før jul.

Men taket er tett, og tradisjon tru heldt byggherre Kirsten kranselag for tømrarane. Torsdag blei det oppgradert lunsj med pizza, bollar og kake.

– Det er kjekt å sjå framdrifta på naustet og eg gler meg til å ta det i bruk, seier Kirsten.