Kultur | 16. jan. 2018

KREAM på turné med Tiësto

Brørne Slettebakken frå Os varmar opp for nederlandsk legende på turné i Noreg.

KREAM på turné med Tiësto
Brørne Daniel (t.v.) og Markus Slettebakken i KREAM er med på 3 av Tiësto sine 4 konsertar i «The Northern Lights Tour».
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. jan. 2018 08:52

Tijs Verwest, betre kjent som kjent som DJ «Tiësto», speler i Trondheim i dag og på USF Verftet i Bergen på 49-årsdagen sin onsdag.

«The Northern Lights Tour» går vidare til Tromsø fredag og Sørmarka Arena i Stavanger laurdag. Som del av turneen er duoen KREAM.

– Vi går glipp av Trondheim, men er med i Bergen og vidare på turneen, seier Markus Slettebakken i KREAM.

Førespurnaden kom via bookingbyrået til KREAM.

– Den einaste koplinga vi har til han frå før, er at vi veit at han har spelt nokre av låtane våre i radioprogrammet sitt, «Club Life».

– Han er ei legende i bransjen, og var stor før han byrja med popmusikk. Det blir ei fantastisk oppleving å få varma opp publikummet hans.

– Kor stort publikum skal de spela for?

– Eg har ikkje oversikt over kapasiteten på spelestadane, men eg lurer på om ikkje det er rundt 4000 på minst éin av plassane. Vi har spelt for store mengder før, som på VG-lista og på festivalen Utopia i Stavanger i starten på september. Men dette kan bli noko for seg sjølv.

«Verdas beste DJ»

Tiësto var ein av verdas mest populære trance-DJ-ar før han komponerte og spelte musikken til opningsseremonien i Sommer-OL 2004 i Athen.

Han blei kåra til «No. 1. DJ in the World» av DJ Magazine tre år på rad (2002-2004) og kom på 2. plass på lista i 2007.

I 2008 blei han nominert til Grammy, i 2015 fekk han den gjeve amerikanske prisen (for remix av John Legend sin «All of Me» og i 2016 estimerte Forbes den årlege inntekta hans til 39 millionar dollar.

Mixa for Dua Lipa

KREAM sin største suksess er med deira eigen låt, «Taped up Heart» (feat. Clara Mae), som har over 78 millionar avspelingar på Spotify.

• Les òg: KREAM spelte for krempublikum (Osfest 2017)

Deira nyaste låt, «Drowning» har passert 6 millionar, og etter denne har dei gjort to remixar, éin for svenske Tove Lo (Disco Tits) og éin for den endå større stjerna, Dua Lipa (New Rules).

– Sjølv om vi liker å laga eigne låtar held vi fram med å gjera remix av andre sitt materiale. Tove Lo kom til oss og spurde om vi var interessert, mens det var vi som vendte oss til Dua Lipa.

Originalversjonen av låten er spelt nesten 600 millionar gongar.

– Dua Lipa har fem offisielle remixar av denne låta, det er stas at vi fekk stå for éin av dei.

• Les òg: På veg til fire store jobbar i USA

Har fleire større spelejobbar i 2018

I november var KREAM i USA igjen for å skriva musikk. Etter workshop i både Los Angeles og New York kom dei heim til juleferie med familien.

No er det kvardag, produksjon og booking.

– Vi har takka ja til ein del jobbar, desse tre med Tiësto, eit par festivalat og to store, kjente arrangement her i Noreg.

Arrangørane har førebels ikkje sleppt namnet, så Slettebakken kan ikkje seia meir om kvar dei skal i vår og sommar. I februar blir det to turar, men ikkje for å spela konsert.

– Vi skal til Stockholm og London for å skriva nye låtar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.