Sport | 30. okt. 2016

Kretsmeisterane vann Haugesund Cup

Os gutar 16 slo årets vinnar av Dana Cup og var eit par sekund frå null baklengsmål på fem kampar.

Kretsmeisterane vann Haugesund Cup
Torsdag vann dei kretsmeistertittelen, i dag tok Os G16 førsteplas i Haugesund Sparebank Cup.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 30. okt. 2016 16:18

Torsdag sikra dei seg kretsmeister-tittelen med 7-3 over Fana, éin runde før slutt (sjå video med alle skåringane), fredag reiste Os G16 til Haugesund Sparebank Cup med to lag.

– Dei var nok litt stive og støle, men etter ein litt tøff start fekk vi kvila litt bein. Vi kan nok takka det at vi har ein brei og god tropp for at det gjekk så bra, seier hovudtrenar og koordinator for Os sine satsingslag, Frode Lohne Sæle.

Begge laga vann puljene sine. Os 2 tok seg til kvartfinale, Os 1 gjekk heile vegen til finalen.

I gruppespelet starta Os 1 med 1-0-siger over Austevoll, som dei i serien slo med sju mål. I neste runde slo dei Vard Haugesund, som vann Dana Cup i år, heile 3-0.

– Det var ein fortent siger og den mest imponerande kampen når vi ser på kva motstand vi hadde. Mot Randaberg 2 i siste innleiande kamp vann vi komfortabelt 4-0, då fekk vi òg kvilt nokre spelarar til sluttspelet søndag.

Leia finalen 2-0

Os 1 gjekk direkte til semifinale, mens mens Os 2 måtte spela kvartfinale først. Os 2 rauk ut for Vard Haugesund, Os 1 møtte Stord i semifinalen. Den endte 5-0.

– I finalen leia vi lenge 1-0. Kort tid før slutt auka vi til 2-0, og då seinka nok spelarane skuldrene litt.

Finalemotstandar Randaberg 1 reduserte få sekund før slutt, det einaste målet Os 1 sleppte inn i løpet av turneringa.

– Godt spel i heile gruppa

Lohne Sæle trekk òg fram Os 2 sin prestasjon. Dei vann alle kampane i gruppespelet og slo blant anna både Stord og Bremnes.

– Fleire frå Os 2 har spelt ein del på førstelaget, nokre av dei på førstelaget har òg spelt ein del på Os 2. Dette er éi treningsgruppe og det er kjekt å sjå korleis alle køyrer den same stilen og utviklar seg saman.

– Vi hadde òg med tre spelarar frå G14, og alle desse gjekk rett inn i gruppa, så her vil eg senda ei skrytemelding til trenar Ivar Johannessen, seier G16-trenaren.

I serieavsluttinga mot tabelltoar Fyllingsdalen, som ikkje har noko å seia poengmessig, skal fleire av dei som har spelt mindre på førstelaget i elden.

– Heile treningsgruppa er med som vinnarar av denne tittelen, slik eg ser det, seier Frode Lohne Sæle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.