Aktor la ned påstand om 17 år fengsel etter drapet i Åsen (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Krev 17 år fengsel

Aktor med påstand om 17 år i fengsel for tiltalte etter drapet på Trude Brenna Aasen. Meiner handlinga var planlagt.

Av: Andris Hamre

Klokka 11.30 tysdag blei rettsaken etter drapet på Trude Brenna Aasen avslutta i Bergen Tingrett. Då hadde aktor i saka, Benedikte Høgseth, lagt ned påstand om at den fråseparerte ektemannen skulle dømmast til 17 år fengsel, med fratrekk av 328 dagar for tida han har vore varetektsfengsla.

– I svært mange saker er spørsmålet om kva som har skjedd. I denne saka er ikkje skyldspørsmålet omtvista, innleia aktor prosedyren før ho argumenterte for kvifor ho meinte drapet var planlagt.

I følgje BT.no var det tre moment som blei vektlagt i argumentasjonen for at drapet var planlagt. Tiltale henta kniven frå kjøkkenet og la den klar på kommoden før Brenna Aasen kom. Han skjulte kniven i papirer då han gjekk ut for å møte ho i bilen og han uttalte like etter at han blei gripen at han hadde bestemt seg då han sto opp den aktuelle morgonen.

Motivet

Høgseth sa vidare at retten ikkje treng finna eit rasjonelt motiv for drapet.

– Eg trur eg nøyer meg med å seie at det var mange følelsar i sving, både sjalusi, svik, tap og nederlag, alt kjente følelsar i samband med eit samlivsbrot. Men retten må leggja til grunn at drapet var planlagt, argumenterte aktor i følgje BT.

«På mildaste måte»

Forsvarar Per Magne Kristiansen var samd i at spørsmålet om kva som skjedde var klart.

–Saken er veldig enkel. Vi veit nøyaktig kva som har skjedd. Det er ingen tvil om at tiltalte har tatt livet av sin tidlegare kone. Dette er nitrist, berre nitrist, innleia forsvararen som vidare argumenterte for at drapet ikkje var planlagt.

– Om han var interessert i å ta livet av henne, så blir spørsmålet; Kvifor vente? Eg meiner det er overveiande sannsynleg, om drap var intensjonen, at han hadde stukket med ein gong.

– Det kjem til eit punkt i diskusjonen mellom dei to der tiltakte er sintare enn nokon gong før, og då kjem kniven fram. Etter mitt syn er det ingen grundige forberedelser her, ingen plan om å lure, prosederte Kristiansen som la den den formelle påstanden om at tiltalte må ansjåast på mildaste måte.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Stå saman med folket i Palestina!

26. april 2017

Lesarinnlegg, markering i Os 1. mai: I år vert det markert 50 år med okkupasjon av Palestina og 10 år med blokade av Gaza.

bilde-midtsiden

«Dobbelt» vårslepp i Os sentrum

26. april 2017

Då sentrumssjefen måtte på klinikken fekk vi styreleiar i sentrumsforeininga til å fortelja korleis laurdagens Vårslepp skal bli.

bilde-midtsiden

SjekkUT Os-fjella

26. april 2017

Os Turlag lanserer fredag, saman med DNT over heile landet, ein ny gratis app som gjer det enklare å finna turmål i Os.

bilde-midtsiden

Tre frå Os blei meister i feltskyting

25. april 2017

Sofia Dale, Sofie Evensen og Reidar Dahle vann kvar sin klasse i Hordastevnet. I tillegg plukka Os Skyttarlag med seg to sølv og ein bronse.

bilde-midtsiden

Pallplass med bismak

25. april 2017

Bilcross: Kristian B. Gjøen var i helga på pallen for første gong. Så blei han tvungen til å selja bilen som morfar har bygd til han.

bilde-midtsiden

Tommy kom til Os for å takka

25. april 2017

Den tidlegare toppskåraren på Lyn, Tommy Nilsen, kom personleg til Kuventræ for å takka Os og Jada for innsamlinga til «babyen» hans, Karanba i...

bilde-midtsiden

Fekk termokikkert i gåve

25. april 2017

Med det nye termokikkerten vil mannskap frå Røde Kors kunna sjå personar i terrenget på 1000 meters avstand, sjølv om det er bekmørkt.