Lokal | 24. nov. 2017

Krev lovlegkontroll på Hjelle

MDG og AP krev lovlegkontroll av godkjenninga av planprogrammet for reguleringsplanen for Hjelle skule.

Krev lovlegkontroll på Hjelle
Dei arkeologiske utgravingane på Hjelle er ferdige, men det er ikkje behandling av saka i kommunestyret (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 24. nov. 2017 08:22

Før kommunestyremøtet tysdag leverte dei tre kommunestyrerepresentantane Nils-Anders Nøttseter (MDG), Gisle Hesjedal (Ap) og Tone Hepsøe (Ap) krav om lovlegkontroll i sak 97/2017 - Godkjenning av planprogram reguleringsplan for Hjelle skule 61/2 m.fl til rådmannen. Dei tre har støtte også frå partifeller og representantar frå Senterpartiet og TvS.

– Vegen vidare no er at kommunestyret først skal behandle saka, før den vert sendt Fylkesmannen for endeleg avgjerd, fortel Hesjedal.

Manglande innsyn

Bakgrunn for kravet er at dei tre kommunestyrerepresentantane meiner at vedtaket i saka er ulovleg grunna fleire prosessfeil som leidde fram til at kommunestyret vedtok å godkjenne planprogrammet. Innleiingsvis i klagen gjer dei greie for korleis sakshandsaminga har vore, men mellom anna manglande innsyn for både oppiosisjonspolitikarar og ålmenta i den prosessen som har gått føre seg i adhocutvalet for skule.

– Heilt sidan adhocutvalet vart oppretta i 2014 har det halde møte utan at møta har vore kunngjort, og innkallingar, sakslister, og møtebok har ikkje vore offentlege. Dette meiner vi er eit klart brot på kommunelovas kap. 6 om sakshandsamingsreglane for folkevalde organ, skriv dei tre i grunngjevinga til kvifor dei meiner det har vore begått lovbrot.

Informerte ikkje

Dei tre reagerer også på at kommunestyret ikkje blei informert av adhocutvalet undervegs i prosessen.

– Kommunestyret vart 20.12.16 ikkje informert om at adhocutvalet hadde fatta vedtak ein månad tidlegare. I mandatet til adhocutvalet frå 2014 går det fram at “Formannskap og kommunestyret blir involvert på naturlege tidspunkt i prosessen“. At adhocutvalet har konkludert må opplag reknast som eit naturleg tidspunkt i prosessen. Her har adhocutvalet etter vårt syn klart brote mandatet sitt.

Vedtok at ein ikkje hadde vedteke

Vidare skriv dei tre om same møte i kommunestyret.

– I vedtaket kjem det fram at ”mandatet vert justert i høve saksframlegg”. I følgje saksframlegget er det ”førebels ikkje avgjort tomteval for skulen”. Slik vi ser det inneber dette at kommunestyret har vedtatt at ein ikkje har vedtatt tomteval for skulen. Sjølv om kommunestyret ikkje var kjent med at adhocutvalet fatta vedtak alt 18.11.17 må likevel konsekvensen av kommunestyrevedtaket 20.12.16 vera at vedtaket fatta i det underordna utvalet må sjåast på som oppheva.

– Vi reiser vidare spørsmål om ordførar hadde fullmakt til å inngå opsjonsavtale med grunneigar på Hjelle i den hensikt å erverva tomt til ny skule all den tid det etter vår meining ikkje føreligg eit gyldig vedtak om val av tomt.

Ba om innsyn

Hesjedal blei i kommunestyremøtet 20.12.16 vald inn som representant i adhocutvalet for skule. I fleire møter i utvalet har han bedt om innsyn i dokumenta som vedkjem utvalet. I følgje klagen har verken Hesjedal, i adhocutvalet, eller Nøttseter, i kommunestyret fått det innsynet dei har bedt om.

– Vi reagerer kraftig på at vi som folkevalde må retta til saman 9 munnlege og skriftlege krav om innsyn før dei etterspurde dokumenta vert utlevert. Ekstra alvorleg er det at dette skjer i ein fase der saka er i prosess, og at vi slik vert hindra i påverke saka på dei naturlege punkta i prosessen. Særs graverande finn vi det at Hesjedal vert hindra tilgang til dokument og informasjon som gjeld det utvalet han sjølv er vald inn i som politisk representant.

Usignert vedtak

Etter at representantane fekk innsyn kom det fram at vedtaket om val av tomt på Hjelle blei gjort 18.11.16 i eit usignert dokument utan datering.

– Så langt vi har forstått har alle utvalsmedlemmene som var til stades 18.11.16 i ettertid bekrefta at utvalet fatta vedtak om val av tomt. Vi reiser likevel spørsmålet om dette vedtaket kan reknast for gyldig all den tid det ikkje kjem fram av møteboka. Møte var ikkje kunngjort, og sakslista med tilhøyrande dokument var ikkje tilgjengeleg for ålmenta, slik kommunelova § 32 krev, skriv dei tre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.