Lokal | 20. okt. 2017

Krev omkamp på Hjelle

Oposisjonen krev utgreiing av skuletomt mellom Lyssandfabrikken og Hesthaugen.

Krev omkamp på Hjelle
Dei fire i oposisjonen fremja forslag om ikkje å godkjenne planprogrammet for ny skule på Hjelle (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 20. okt. 2017 07:56

Harald Døsen (Ap) var kritisk til prosessen rundt val av skuletomt på Hjelle då Plan- og bygningsutvalet (PBU) skulle handsama godkjenning av planprogram reguleringsplan for Hjelle skule.

– Det har kome ein del nye ting etter at vi samrøystes gjekk for oppstart av planprogrammet den 24. mai. Ikkje minst den manglande politiske prosessen som har vore i saka her. Kven har eigentleg bestemt at skulen skal ligga på dette området? Det er det ingen av oss som veit. Spørsmålet har ikkje vore oppe i PBU, Tenesteutvalet eller kommunestyret. Hadde adhoc-utvalet som fekk mandat til å finna tomta, mandat til å forhandla og ta avgjer om kva tomt ein skulle velgja?

– Det har òg kome fram at LINK-arkitektane hadde tre områder som var aktuelle og at det ikkje vart vald den beste. Var fylkesmannen klar over det då han meir eller mindre godkjente dette her? Visste han om området mellom Lyssandfabrikken og Hesthaugen, og visste han om området ved Hansaløo?

– Kva er grunngjevinga for å velgja eit område kor vi byggjer ned 30 mål fulldyrka jord. Den demokratiske prosessen har vore forholdsvis dårleg. Eg har etterlyst informasjon frå adhoc-utvalet to ganger, men det var så hemmeleg at vår representant ikkje fekk lov til å informera oss i vår eiga gruppe ein gong, tordna ein usedvanleg krass Harald Døsen.

Bondefanga

Døsen fekk langt på veg støtte av Ove Frotvedt (Frp).

– Det sitter langt inne. Eg er veldig eining med Døsen i hans uttalelser. Eg føler meg bondefanga. Her tas det matjord og noko må gjerast med den om den skal fjernast. Om det ikkje er eit godt organisert opplegg for det, så er det vanskeleg å seie ja til denne planen, kommenterte Frotvedt.

– Kva om vi stoppar opp?

Terje Sperrevik (Tvs), som nytta uttrykket bondefanga sist saken var til handsaming, var oppteken av kva konsekvensane ville vera om ein sa nei.

– Eg er òg litt opptatt av framdriften i høve skulen. Vi treng den litt kjapt fram i tid. Eg brukte bondefanga sist vi la den ut, men det har skjedd ein del i ettertid som har vist at vi hadde litt større handlingsrom. Difor har eg eit spørsmål til administrasjonen. Kan vi stopp opp og setta fokus på eit anna område? Kor mykje vil det forseinka oss?

– Vi burde kanskje satt foten ned forrige gong, då oppfatta eg meg sjølv at vi var litt bunden av det som var kome fram i arbeidsgruppa om at Hjelle var det beste. Kva skjer om ein stoppar no. Korleis kan ein gjera det for å sjå på dei to andre alternativa?

– Må kunne sjå meg sjølv i spegelen

Trine Lindborg (Ap) støtta Frotvedt og Sperrevik.

– Eg sitt med den same kjensla. Kva info hadde vi, kva grunnlag tok vi beslutninga på sist. Eg skjønner at vi ved å gå tilbake på det kan forseinke prosessen eller rote det skikkeleg til, men samstundes skal eg kunne sjå meg sjølv i spegelen om ti år og vita at vi hadde all informasjon. Vi treng skulen om nokre år, men vi må ikkje ta feil avgjersle no. Om det tek eit år ekstra, så er det viktigast at den ligg på rett plass.

Har vore lang prosess

Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås, peika på at dei ikkje var konsekvente i si hansaming, då dei tidlegare i møtet hadde godkjent nedbygging av matjord i andre saker, men ho var òg tydeleg på at det har vore ein lang og god prosess.

– Det har vore ein prosess over fleire år. Når det gjeld området mellom Lyssandfabrikken og Hesthaugen, så er det feil å seie at Link rangerte det mykje høgare enn Hjelle. Det er snakk om 47 og 46 poeng. Adhoc-utvalet har saman med administrasjonen gått i dialog med grunneigar. Det har vore ein ryddig prosess. Vi har ikkje kjøpt eigedommen, men gjort avtale om at om vi får ein godkjent reguleringsplan så slår avtalen inn.

– Vi kan sjølvsagt stoppa. Vi veit det er kritisk, men vi kan alltids laga brakker og utvida ting. Per i dag treng vi skulen, vi har allereie nok elevar til å fylle opp med ein to-paralleller.

– Når det gjeld fylkesmannen som var han merksam på at vi vurderte tre tomter. Han stadfesta at i dette tilfellet måtte jordvernet vika. Administrasjonen seier konsekvent nei til nedbygging av landbruksjord, men i denne saka her har vi måtte gjera eit unntak av omsyn til offentlege interesser. Om vi må bygga ned landbruksjord, så skal vi freiste å bygga opp nye gode areal. Derfor har vi allereie invitert Lindås til å komma og fortelje oss korleis dei tar hand om jord. Dei er av dei som har kome lengt med dette i Hordaland, svarte Tjosås.

Kommunestyret som avgjer

Døsen følgde opp med å spørja kven som avgjer om kommunen skal kjøpa området.

– Så vidt eg har skjønt det så er det ikkje bestemt at vi skal kjøpe dette her før denne planen er på plass. Kven er det då som kjøper? Kommunestyret, administrasjonen eller adhoc-utvalet?

– Den vil komma i kommunestyret då det er ei sak over fire millionar, svara Tjosås før Sperrevik presiserte at godkjenninga av planprogrammet skal opp i kommunestyret.

– Det er planprogrammet vi skal handsama i dag, men samstundes set vi fokus på om vi kan stoppa opp og starta på null igjen. Skal vi gjera det eller ikkje. Jo fortare vi gjer det, jo betre er det. Det er to debattar. Saka skal jo opp i kommunestyret, så vi kan ta den der. Når det gjeld innholdet så tykkjer eg forsåvidt det er greitt om vi skal gå for det. Eg vil gjerne høre frå skulesjefen om status og konsekvens av å stoppa opp no, oppsummerte Sperrevik.

– Vi har ei gruppe som ser på revidering av skulebruksplanen. Vi har ein betydeleg elevvekst og utgangspunktet er at vi har signalisert at ein ny barneskule bør vera på plass i 2019. Samstundes har vi signalisert at vi er meir oppteken av å få ein god skule med gode rammebetingelser rundt, men det er litt krise for oss om det drar for langt ut i tid. Eg har ikkje tala på elevveksten her og no, men vi kjem med dette i samband med budsjettprosessen. I vår planleggingshorisont tenkjer vi at i 2019 bør vi ha ein ny skule, seinast i 2020. Vi veit at vi allereie er seint ute for å rekka 2019, også om denne reguleringsplanen blir vedteken no, svara Line Rye.

Fremja forslag om ikkje å godkjenne planen

Etter eit gruppemøte fremja Trine Lindborg på vegne av Ap, Krf og Tvs forslag om ikkje å godkjenne planen.

– Det er ei vanskeleg sak, som noken av oss kjenner på ikkje er ferdig diskutert før i kommunestyret. Vi fremjer alternativt framlegg om ikkje å godkjenne planen, samstundes ber vi om ei utgreiing av areal B i Link-rapporten, altså området mellom Lyssandfabrikken og Hesthaugen.

Framlegget frå Lindborg fekk berre støtte frå dei tre partia. Administrasjonen sitt framlegg om å godkjenne planen fekk fleirtalet frå Frp og Høgre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.