Næringsliv | 14. des. 2010

Krev stenging av nattklubb

Opus Kafé & Bar får driva vidare i eit lite år til, men truleg ikkje som nattklubb.

Krev stenging av nattklubb
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. des. 2010 21:00

Tida med nattklubb i Oshjørnet kan snart vera forbi.

- Opus får halda fram ut kontraktsperioden, til og med oktober 2011. Men ikkje som nattklubb, seier Terje Haugan frå Bergen Eiendomsrådgivning.

Selskapet forvaltar fondet som eig Oshjørnet. Oshjørnet AS har planar om moderninsering, utviding av næringsareal, ombygging av seks husvære og bygging av to nye leilegheiter på toppen av eksisterande bygg, noko dei fekk løyve til i september.

- Ifølgje kontrakten skal det vera drift av kafé og restaurant i lokalet, ikkje nattklubb. Dei har fått lov å skjenka utover natta fram til no, men frå 1. januar 2011 vil vi at dei held seg til avtalt drift.

Risti er overraska
I vår blei det kjent at Opus-eigar Espen Risti saman med Bergen Servering vil starta ny nattklubb i Os sentrum, Irish Cat, som skal opna rett over gata førstkomande fredag.

Trass i oppretting av konkurrent til eiga verksemd vil han driva Opus vidare ut leigeperioden, som går ut oktober 2011.

- Eg hadde møte med husverten i sommar, og då blei vi einige om at eg kan halda fram ut kontraktsperioden. Sidan har eg ikkje høyrt noko, så den avtalen har eg tenkt å halda meg til, seier Risti.

I sommar møtte eg husvert i møte og eg fekk løyve til å driva ut perioden. Den avtalen har eg tenkt å halda meg til, seier Risti.

- Vi har informert
Haugan meiner Risti skal vera godt informert. I oktober 2009 fekk han ikkje fornya leigekontrakten, i juni 2010 fekk han brev der han blei orientert om utviklingsplanane og at natttklubbdrifta truleg berre kunne halda fram i ein periode og seinare same månad skal han ha fått liknande informasjon i møte.

- Ut frå våre møtenotater fekk Risti løyve til å halda fram utover kontrakten, altså med nattklubb, ut 2010. Vi har også sendt brev til han i november med same informasjon.

- Vi har ikkje noko imot at det er nattklubb i Os sentrum, men vil ikkje ha skjenking i førsteetasje til tre om natta når vi skal selja husvære i etasjane over.

- Kveld, men ikkje natt
Haugan presiserer at det er ope for drift i tråd med avtalen, også i byggeperioden, om den startar før kontrakten er over, altså i oktober 2011.

- Opus kan byrja å driva kafé igjen, og må gjerne drive restaurant med skjenking utover kvelden. Men løyvet til å driva nattklubb varer berre til nyttår, seier eigedomsforvaltaren.

- Blir Opus frigjort frå resten av kontrakten om dei ikkje vil driva vidare utan nattklubbløyve?

- Det har vi ikkje tatt stilling til, seier Terje Haugan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.