Lokal | 23. okt. 2015

Krev strengare straff

Lesarinnlegg: Tastetrykkande overgrep må straffast hardt, skriv Laila Marie Reiertsen (Frp) i dette innlegget.

Krev strengare straff
Laila Marie Reiertsen (Frp) krev strengare straff for nettovergriparane (privat foto)
Lesarinnleggfredag 23. okt. 2015 10:17

VG har hatt ein serie artiklar om nedlastarane. Nedlastarar som i grunnen utanpå er «vanlige» folk. Men når dei har tid, sånn innimellom jobb, eller kanskje når familien deira har gått til ro, slår dei til å lar lystene styra .

Ja nett dei, som bruker tastetrykk på dataen for å komme inn på nettstader der forsvarslause små born vert grovt utnytta seksuelt. Dei som med sine val, vel å putte pengar i lomma på overgriparar.
430 norske IP adresser har lasta ned seksuelle overgrepsbilder av barn. Og det er mest sannsynleg fleire, og det er menn. Forferdelig og avskyelig er ord som går igjen for dei av oss som leser om dette. Lurer på om de 430 dette gjelder har det minste av empati for desse uskyldige borna.

Vi som politikarar har eit ansvar. Eit ansvar som må føra politikk til handling. Straffa for nedlasting av overgrepsbilder mot barn må verta høgare. Er det verkeleg høg nok straff for overgrep mot born? Emosjonelt er det ikkje!

Som politikar. Mamma og bestemor vil eg påstå at ein ikkje kan laga høge nok straffer for overgrep mot born. Og sjølv om eg ikkje er nøgd med dagens strafferammer, så går ein i riktig retning med FrP i regjering. Den nye straffelova med auka strafferammer har nå blitt framskynda med to år. Og maks straff for overgrep mot born har no auka med 5 år frå 10 til 15. Men ein bør framleis arbeida for ei enda større straff. Straffesignala er eit godt varsel både til politiet og nedlastarane om kor alvorleg me som samfunn meiner dette er. Og må brukast av domstolane. Vidare er foreldingsfristen for straffesaker som gjelder incest og valdtekt oppheva. Dette er svært viktig då mange overgrepssaker kjem fram i lyset fleire år etter at overgrepa fann stad. Barnelova har og blitt styrka med FrP i regjering. Foreldre som er dømt for vold og overgrep automatisk misser foreldreretten. Regjeringen satser også på barnehusene og har lovbestemt at forhørsfristen for barn, utsatt for overgrep, maks skal være 2-3 uker.

Politiet må verta betre på prioritering av desse sakene. Politiet må bruka kompetansen til Kripos i meir. Den nye politireforma gjev oss ein stor mogelegheit til å starta opp på ein god måte. Dei nye politidistrikta bør ha eigne team med spesialkompetanse på seksuelle overgrep mot barn, inkludert overgrep på nett. Samstundes som dei må ha god kompetanse. Og ikkje alle som arbeider med dette må vera politiutdanna når ein veit at datakyndige kan tilføra god kompetanse i ei slik etterforsking. Når ein også veit at mange av desse overgriparane utøver overgrep mot eigne eller andre sine born vert det nærare enn ein kan klara å ta inn over seg.

Det må lysa rødt frå varsellampa hos politiet når ein får ei slik sak på bordet. Me må setta all den krafta me kan, inn på at denne forma for kriminalitet vert handtert, og må straffast. Overgriparane som gøymer seg bak dataskjermane, samt dei som utfører ugjerninga skal takast. Det er politiet vi set vår lit til for at born ikkje skal oppleva slike grufulle overgrep.

Vi må gje politiet ressursar og vi må gje borna håp!

Laila M. Reiertsen
Stortingsrepresentant FrP
Familie og kulturkomiteen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.