Sport | 13. sep. 2017

Krinsmeistrar i roing

Håvard Askvik tok både individuelt gull og gull saman med Lars Eirik Vevatne.

Krinsmeistrar i roing
Lar Erik og Håvard blei krinsmeistrar i dobbeltsculler (privat foto)
Andris Hamreonsdag 13. sep. 2017 06:42

Onsdag i førre veke stilte roarane frå Os Roklubb på kretsmeisterskapet som Fana Roklubb arrangerte.

– Det var ein kveldsregatta og foreldra som var med gjorde ein fantastisk god jobb med å rigga båter og hjelpa utøvarane ut og inn med båtane, fortel rosjef Eirik Vevatne.

To gull

Igjen gjorde osroerane gode prestasjonar. Sterkaste resultat blei det i klassen HJC.

– Endeleg lykkast det for Håvard Aksvik som blei krinsmeister i singelsculler, tett følgd av lagkamerat Lars Eirik Vevatne. Dei rodde i same heat som Tord Grindstein som kom på tredje plass. I heat nummer to gjorde Mikael Ottesen Hustad og Johannes Kristian Klyve Forsberg det bra med andre og tredje plass i heatet.

– I dobbeltsculler i den same klassa vann Lars Eirik og Håvard og blei krinsmeistrar, medan Johannes og Tord tok tredjeplassen, fortel rosjefen.

Opp ei klasse

Os stilte med ein solid tropp under meisterskapet.

– Linea Rådmansøy Lunde og Andrea Kvittingen har gått frå nybyrjarklassa til rein junior C jenteklasse før dette meisterskapet. Motstanden blei i tøffaste laget og dei rodde seg inn til sjette plass i dobbeltsculler. Til å vera første løp i ny klasse så gjorde dei det veldig bra. Dei var ikkje mange sekund unna pallen. I singesculler rodde Linea inn til ein god tredje plass rett foran Andrea.

Opp ei klasse har også Erik Vaktskjold gått. I HJB dobbeltsculler rodde han saman med Lars Moberg Haukeland inn til ein god fjerdeplass. I singelsculler blei Lars nummer tre, Erik nummer fire og Espen nummer fem fortel rosjefen.

Gode prestasjoner

Os stilte også med dei yngste utøvarane på regattaen.

– Eivind Vevatne, Marius Ottesen Hustad, Matilde Ottesen Hustad og Emil Heidal Haugland har hatt ein formidabel utvikling frå dei starta å ro som åtte-niåringar. Dei stiller torfast på kvar einaste trening og det har gitt resultater.

– I klassen D/H JD dobbeltsculler kom Eivin gog Emil inn på andre plass, tett følgd av Marius og Matilde. I singesculler blei Matilde krinsmeister for jenter JD medan Eiving blei nummer to og Emil nummer 3 for gutar JD.

– Som rosjef og trenar er det utruleg spennande å følgje utøvarane våre og sjå gleden dei har nå dei meistrar dei utfordringane som dei står ovenfor. No gleder vi oss til helga kor vi skal arrangere Ungdomsmeisterskapet og Ulvenmeisterskapet heime på Ulvenvatnet, avsluttar Eirik Vevatne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.