Krise på Kuventræ
Den nye løpebanen på Os idrettspark Kuventræ har gjennom vinteren blitt berg- og dalbane.
Bildeserie:
Med stor festivitas og glede blei nye Os idrettpark Kuventræ opna i september. Endeleg skulle friidrettfolket få eit godt og funksjonelt anlegg etter mange år med eit gamalt og slitt anlegg.
Sommaren 2015 gjekk med til å bygga det nye anlegget, noko som mellom anna gjorde at friidrettsgruppa til Os Turn måtte trena andre stadar og måtar enn på Kuventræ.
No heng også sesongen 2016 i ein tynn tråd. Midtsiden har nemleg den siste tida blitt tipsa av fleire som nyttar anlegget både til organisert og uorganisert trening at ikkje alt er som det skal vera der oppe.
Vinteren med tæle har nemleg gjort at banen har fått djupe søkk og høge kular, slik at den no framstår meir som ei berg og dalbane enn som ei tipp topp friidrettsbane.
– For oss er det heilt tragisk. Løpebanane er viktigaste delen av det nye anlegget og fungerte som dei skulle då banen sto ferdig.
– Slik det er no så har vi eit anlegg som ikkje er eit godt treningsanlegg eingong, seier ein frustert Sverre Mowinckel-Nilsen, leiar i Os Turn Friidrett når vi snakkar med han.
Må avlysa stemne
Friidrettsgruppa til Os Turn hadde planar om å arrangere stemne helga 30. april og 1. mai.
Det må dei no berre sjå langt etter.
– Ein kan ikkje arrangere stemne med banen slik den er no, slår friidrettsleiaren fast.
Drensgrøftene verst
Oppgraderinga av anlegget skjedde ved at ein grov av topplaget på det eksisterande anlegget og la på ein duk som skulle leie regn og overflatevatn ut i drensgrøfter som skulle frakte vatnet på tvers av løpebanene og vidare ut av anlegget.
Då Midtsiden var for å sjå på anlegget onsdag var det tydeleg at det er der desse grøftene krysser løpebanen at problemet er størst.
Rett etter starten på 100 meteren går det ei grop på tvers som på det meste nok er eit par centimeter lågare enn resten av løpebanen.
Uvisst når det blir retta
Midtsiden har snakka med Bård Alfstad, dagleg leiar i Osbadet KF som driftar anlegget på vegne av kommunen.
Han ber oss om å ta det med prosjektavdelinga i kommunen som har hatt ansvaret for bygginga. Vi har onsdag ikkje lukkast i å få ein kommentar frå prosjektsjef Tor Inge Døsen.
– Det er Tor Inge Døsen som har den fulle oversikten, men eg har forstått at det skal vera eit møte med leverandøren/entreprenøren rett over påske.
– Det er openbart at det er ein reklamasjon, og at det vil måtte skje ein del opprettingsarbeid der, seier ordførar Terje Søviknes (Frp).
Kor lang tid det tek før ein kan få retta forholda er førebels uvisst.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.