Lokal | 20. okt. 2017

Kritiserte sakshandsaminga

Terje Sperrevik (TvS) var kritisk til korleis administrasjonen har handtert Fjellheim-saka.

Kritiserte sakshandsaminga
Terje Sperrevik (TvS) var kritisk til korleis administrasjonen har handtert Fjellheim-saka (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 20. okt. 2017 10:57

Då plan- og bygningsutvalet handsama klagen frå Foreningen Bevar Fjellheim torsdag brakte Tryggve Lillestøl (KrF) teamet det frykten for mange handlar om på banen.

– Eg forstår det kostar ein del å drive eit slik bygg og å halde det vedlike. Krf har sagt at det kan rivast, men eg er av ei anna oppfatning. Eit slik hus har utruleg stor verdi kulturmessig. For framtida vil eit historisk hus som dette vel verd å ta vare på for Os.

– Eg kjem frå ei bygd kor kommunestyret vedtok å bevara eit liknande hus. Lokale lag og organisasjoner tok ansvaret for vedlikehold og drift. Eg trur vi kan få til noko liknande på Os. Os treng det. Om det skal byggast noko rundt der, så er det naturleg å bruke bygget som eit bydelshus. Det er mange alternative bruksområder på det huset.

– Vi må tenkje oss vel om før vi gjer vedtak om å rive Fjellheim. Det har for stor verdi, meinte Lillestøl.

Riving, opp til kjøpar

Utvalsleiar Gustav Bahus (Frp) fann det rimeleg å minna om at saka dei skulle handsama var ei klage og ikkje eit spørsmål om riving.

– Reint praktisk, dette er ei klagehandsaming på reguleringsplanen kor eit vedtak av sal av Fjellheim ligg frå langt tilbake i tid. Det er ikkje snakk om rivning. Ein kjøpar må i så fall koma med søknad om å få rive, om det er det han ønskjer, påpeika Bahus.

– Det er greit at det må søkast om å riva, men i reguleringsplanen er Fjellheim kryssa ut og kan dermed rivast, kommenterte Harald Døsen (Ap).

– Eg forskutterte kanskje kva som kjem til å skje. Men eg trur faren er stor for at det vil bli reven om det blir seld. Fjellheim har fortsatt stor verdi og eg vil veldig gjerne ta vare på det bygget, supplerte Lillestøl.

– I forhold til det Bahus sa, så er det faktisk ein omregulering til bustader vi snakkar om. No har vi moglegheiten til å seie nei og la det vera som det er i dag. Det er der vi har moglegheiten no. Rive eller ikkje vil komma i neste omgang, men når det er omregulert til bustadområdet, så er det det som vil skje, meinte Terje Sperrevik (TvS), som ikkje var nøgd med administrasjonen si handsaming av saka.

Kritiserte administrasjonen

– Det er med litt leit hjarte eg må kritisera rådmannen. Det går på saksframstillinga. Frå dag éin, har denne foreninga blitt halden tilbake og ikkje fått lov til å uttrykke seg særleg. Det hadde eg ein protokollmerknad på første gang vi hadde saka oppe.

– Dagens saksframstilling er ikkje så balansert som det burde vera. Vi må ta standpunkt til om det skal vera eit bustadområde eller ikkje og kan fatte eit vedtak om at vi tek ut området BB2 frå bustadområdet. Det hadde vore det beste.

– Eg tykkjer det er synd administrasjonen ikkje har fremja eit alternativt vedtak som vi kunne ha bygd på.

– Ein annan ting er at administrasjonen køyrer to løp på dette. Klaga frå naboane burde også vore med her. Går ein for å oppretthalde vedtaket, så set vi eit større press på dei for å akseptera ny veg. Eg er forundra over at vi kjører eit slik dobbeltløp, kritiserte Sperrevik.

Ikkje same sak

Kommunalsjef Aina Tjosås foklarte at grunnen til at dei ikkje var inkludert i saka var at deira klage var på eit anna grunnlag.

– Dei har ikkje påklaga Fjellheim. Deira klage handlar om tilkomsten til deira tomt. Dette er ikkje taktikk frå administrasjonen, men å halde sakene ryddige frå kvarandre.

– Når det gjeld kritikk til saksframlegget, så held administrasjonen seg til at kommunestyret har vedtatt ein reguleringsplan. Vi har vurdert om det blei gjort ein feil i 2015 og har innhenta meir dokumentasjon som vi har gått gjennom. Vi har konkludert med at vedtaket frå kommunestyret står seg.

Sperrevik var ikkje nøgd med svaret frå kommunalsjefen.

– Eg undrer meg over innstillinga. Det som kjem frå kultureininga ved Byantikvaren er ei styrke for å ta vare på Fjellheim. Eg hadde venta meg litt meir ydmykheit frå administrasjonen i høve saksframstillinga, kommenterte Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.