Lokal | 27. nov. 2014

Kulturen har endra seg

Os bruker nest minst av kommunane i Noreg på administrasjon og byråkrati. – Det er ein enorm forskjell på kulturen no og tidlegare, seier Terje Søviknes (Frp).

Kulturen har endra seg
Ordførar Terje Søviknes (Frp) skryt av administrasjonen (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 27. nov. 2014 14:36

Heilt sidan han tok over ordførarstolen har det vore eit viktig poeng for Terje Søviknes (Frp) og posisjonspartia Frp og Høgre å nytta minst mogleg på administrasjon og mest mogleg på tenesteproduksjon.

– Det at vi no rykkar opp på byråkratibarometeret frå 3. til 2. plass, berre bak Larvik, er gledeleg.

– Vi har heile tida hatt fokus på å få mest mogleg tenesteproduksjon og minst mogleg administrasjon.

– Dette syner att, mellomanna i budsjetta, kor rådmannen rapporterar på kor mykje vi bruker på administrasjon og kor mange innbyggarar det er per årsverk i kommunen.

– Dette er to av parametera som er målt i byråkratibarometeret, fortel Søviknes.

Unik organisering

Noko av grunnen til den gode scoren trur Søviknes skulast organisering av prosjekter i kommunen.

– Det går alltid ei grense for kor lite administrasjon ein kan ha, men vi må aldri slutta å leite etter forbetringspunkter.

– Eit døme på endra arbeidsmetodikk som har slått positivt ut er korleis vi organiserar større prosjekt med adhoc-utval.

– Der er både politikarar, administrasjon og tillitvalde med i gruppa, i staden for å gjera som mange andre kommuner med ei politisk styringsgruppe, ei administrastiv arbeidsgruppe og diverse referansegrupper.

– Dette er ressurseffektiv og forenklande. Vi slepp mange omkampar når alle partane sit rundt same bord og diskuterer.

– Så lenge dialogen er god er dette veldig effektivt og vi klarar oss med mindre ressurser, påpeiker Søviknes.

Haldningane har endra seg

Ein anna ting ordføraren har bitt seg merke i er den kulturendringa han opplever i administrasjonen.

– Det er ein enorm forskjell frå då eg byrja som ordførar.

– Tanken om at jobben er frå åtte til halv fire står ikkje så sterk lenger.

– No står dei på seint og tidleg og viser ei enorm vilje til å stå på når det trengs.

– Det opplever eg òg nedover i organisasjonen, kor folk står på utover det ein eigentleg kan forventa, skryt Søviknes.

– Eg trur det kan tilskrivast Os Inspirerer-prosjektet, som har gitt ei endring i haldningar.

Dette er byråkratibarometeret

Byråkratibarometeret blir laga av analyseselskapet NyAnalyse og måler fem parameter.

  • Lønskostnadar til administrasjon per innbyggjar (40 %)
  • Andel netto driftsutgifter i kommunen til administrasjon og styring (20 %)
  • Avtalte årsverk innan administrasjon, i prosent av innbyggjartal (20 %)
  • Andel av samlande kommunale årsverk avtalt innan administrasjon (10 %)
  • Lønskostnadar til politisk styring per innbyggjar (10 %)

Resultata for byråkratibarometeret 2014 ble først presentert i BT torsdag. Os går på barometeret fram ein plass. I 2012 var Os på niande plass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.