Lokal | 25. okt. 2016

– Kunne fått fatale følgjer

Tjuvar stal batteriet på brannbåten «Unik». – Heldigvis var det ikkje eit livskritisk oppdrag vi skulle ut på no, seier Gitle Smaadal.

– Kunne fått fatale følgjer
Då Gitle Smaadal og Hans Marius Hauge i brannvesenet skulle rykke ut med «Unik» for å hjelpe ei svane i nød oppdaga dei at batteriet i båten var stole (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 25. okt. 2016 12:20

Bildeserie:

Både nytt batteri og ei batteriklemme måtte skaffast og monterast (foto: AH)
Både nytt batteri og ei batteriklemme måtte skaffast og monterast (foto: AH)
Med batteri på plass, starta båten som den skulle (foto: AH)
Med batteri på plass, starta båten som den skulle (foto: AH)
Og dei to brannmenna kunne reise retning Øyane for å hjelpe svana (foto: AH)
Og dei to brannmenna kunne reise retning Øyane for å hjelpe svana (foto: AH)
1 av 3

Søndag kveld klokka 18.30 var sist brannvesenet nytta redningsbåten «Unik». Då dei fekk eit nytt oppdrag tysdag oppdaga dei at nokon hadde stole batteriet i båten som låg fortøyd på Halhjem.

– Det må ha skjedd ein eller annan gang i perioden frå vi fortøyde båten søndag kveld til vi kom her no, seier Gitle Smaadal og Hans Marius Hauge i Os brann- og redningsvesen.

Kunne gått liv

Dei to var blitt kalt ut for å hjelpe ei svane i Øyane, men måtte utsetta oppdraget tysdag formiddag.

– Heldigvis var det ikkje eit livskritisk oppdrag kor det sto om sekund no, men det kunne det fort ha vore. Dei har ikkje tenkt seg mykje om, dei som har stole batteriet.

– Dette kunne fort fått fatale følgjer, slår dei to fast.

Heldig at butikken var open

Utan batteri måtte dei to brannmenna returnera til Os for å skaffe eit nytt.

– Det var no flaks oppe i det heile at det skjedde på dagtid når butikkane var opne. Tenk berre om det hadde vore på kvelds- eller natterstid med alt stengd. Det hadde blitt ein god del meir styr då, kommenterer Smaadal medan han monterer ny batteriklemme og det nye batteriet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.