Lokal | 25. des. 2016

– Kunne ha skjenka til klokka 3 alle dagar

Verken Catten eller Solsiden får skjenka til klokka 3 i natt, men begge kunne hatt utvida løyve.

– Kunne ha skjenka til klokka 3 alle dagar
Første juledag plar vera ein av dei beste utelivsdagane i året i Os. I kveld stenger kranen ein time tidlegare enn ein vanleg laurdag. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. des. 2016 13:21

Med julaftan på ein torsdag i fjor, blei det ingen problem med skjenking til kl 03.00 fredag første juledag.

Både Catten og Solsiden har nattklubbløyve to dagar i veka, natt til laurdag og natt til søndag, dei andre fem vekedagane kan dei skjenka til klokka 2.

Då Solsiden søkte om utvida skjenking for i kveld, søndag 1. juledag til klokka 3 natt til 2. juledag, fekk han nei.

Les òg: Årets største utedag blir éin time kortare

Fekk som dei ba om

Catten, som tidlegare hadde dette løyvet: «Skjenketider heile veka frå kl. 12.00 til kl. 02.00 og til kl. 03.00 fredag, laurdag og dag før heilagdagar» har ikkje lenger «dag før heilagdagar».

Han undrast kvifor, og får svar:

– Førre eigar av Catten, eller Irish Cat som det heitte, søkte om dette og fekk det innvilga. Dagens løyvehavar har søkt om berre fredag og laurdag, og fått dette innvilga, forklarer saksbehandlar Signe Eide frå Os kommune/Nav Sosial.

– Dei har med andre ord fått det dei har bede om?

– Ja. Hadde dei søkt om fleire dagar ville dei kanskje fått det. Retningslinjene opnar for skjenking til 3 alle dagar i veka.

Firkanta?

– Med denne historikken, ville det ikkje vore naturleg å innfri søknad om utvida skjenking denne eine dagen?

– Det skulle du kanskje tru, men vi har eigen retningslinjer for denne typen søknadar, og desse opnar slik vi ser det ikkje for å innfri på det grunnlag det er søkt for.

Retningslinjene lyder:
«Skjenkestader kan søkja om utvida skjenketid til kl 0300 ved særlege høve/arrangement. Særlege høve/arrangement kan t.d. væra arrangement knytt til større festivalar, arrangement med ideelt føremål eller spesielle konsertar med nasjonale og internasjonale artistar.»

– Vi prøver å vera rund i kantane, men kan ikkje overprøva det politikarane har bestemt.

Stenger kranen klokka to

Både Solsiden og Catten seier dei no vil søkja om utvida skjenking med ei formulering som gjer at dei ikkje treng å hamna i samme situasjon seinare, for eksempel søndag 1. påskedag eller måndag 1. juledag 2017.

Kvelden i kveld blir uansett noko kortare enn ein vanleg laurdag, begge nattklubbane driv som pub og skjenker berre fram til klokka 2.

– Vi håper folk ikkje blir sitjande for lenge på vorspiel, at dei får meir enn eit par timar saman før vi må stenga, seier Tore André Sagstad.

– Vi opnar ein time tidlegare, klokka 22, i forsøk på å tilpassa oss, seier Bjarte Andersen på Catten.

Tidleg opning måndag

– I morgon, 2. juledag, opnar vi endå tidlegare. Då er det Boxing Day og fotballkampar frå klokka 13, legg han til

Manchester United speler heime mot Sunderland klokka 16, City speler på bortebane mot Hull frå klokka 18.15.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.