Skulpturen "Bølge" ferdig montert (Foto: Vedholmen galleri)

Kunst i skjergarden

Eit skjer i Øyane blei onsdag utsmykka med eit kunstverk av Reinhard Haverkamp.

Av: Kari M. Lyssand

Monteringa av skulpturen visualiserte starten på Vedholmen Galleri si sommarutstilling.

- Sommarutstillinga 2012 er med galleriet sine faste kunstnarar og dei vi har i kommisjon, samt gjestekunstnarane Reinhard Haverkamp og Lars Elling, fortel Vibeke Harild, dagleg leiar i Vedholmen galleri

Frå Tyskland til Storetveit

Haverkamp har nettopp gjort seg ferdig med eit større utsmykningsoppdrag for KORO (Statens Fond for Kunst Offentlig Rom).

Oppdraget var utsmykking ved "Kilden", det nye kulturhuset i Kristiansand.

Haverkamp er også utvalgt til å lage to større skulpturer til "Helleren",  den nye svømmehallen i Bergen.

Han er født og utdanna i Tyskland, men har vore busett på Storetveit i Bergen i 12 år. I tillegg har han atelier i Berlin og løpande utstillinger i inn-og utland.

"Bølge"

Skulpturen "Bølge" på skjeret vis à vis Vedholmen Galleri er 4,5 meter høg og er en del av sommaren si salutstilling.

-Den beveger seg i takt med vinden og dannar nye former av skulpturen sin bevegelege topp, fortel Harild.

Utstillinga opnar laurdag 23. juni.