Sport | 22. mai 2013

Kunstgras-start på Kuventræ

I dag kom første leveranse til det nye kunstgraset på Kuventræ. Dermed blir den "nye" banen klar i god til før Bendit-cup og fotballskule.

Kunstgras-start på Kuventræ
Dei første leveransane til det nye kunstgraset på Kuventræ kom onsdag denne veka (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 22. mai 2013 13:24

I februar fekk Os Turn 300.000 kroner i støtte frå Os kommune for å leggja nytt kunstgras på den 10 år gamle kunstgrasbanen på Kuventræ.

I starten av mars gjekk kommunestyret inn for å gje kommunal garanti for lånesummen på 770.000 kroner, som Os Turn trengte for å realisera prosjektet.

Onsdag kom den første leveransen av det nye graset.

– Leverandøren treng 8 til 10 dagar på å legga graset, litt avhengig av vêret, sa dagleg leiar Hans Parnefält då han bestilte graset.

Arbeidet skulle eigentleg ha blitt gjort i midten av april, men forseinkingar gjorde at det blei utsett til i slutten av mai, noko som redda den store Jentefotballdagen, kor om lag 250 ivrige fotballjenter deltok.

I tide til cup og fotballskule

Legginga av det nye kunstgraset bør la seg gjera slik at det heile er klart til fotballklubben arrangerer Bendit-cup 8. og 9. juni.

– Det er ikkje så lenge sidan vi opna for påmeldingar.

– Allereie er det 50-60 påmeldte lag.

– Det synest eg er bra. Erfaringane tilseier at dei fleste påmeldingane kjem dei siste dagane før fristen går ut 26. mai, fortel dagleg leiar i fotballgruppa Leif Idar Røen.

Blant klubbane som så langt ikkje har meldt på alle laga sine er arrangørklubben Os Turn.

– Eg håper vi kjem opp i 120-150 lag, noko som vil vera eit stort steg frå dei vel 100 laga vi hadde med i Bjørnefjorden Cup i fjor, avslutter Røen, i full gang med å planlegga Tine Fotballskule i veka etter skuleslutt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.