Helge Steinum og Tone Hepsøe presenterte Ap sitt budsjettframlegg i kommunestyret tysdag (foto: Andris Hamre)

Arbeiderpartiet vil kutta bølgjebrytarane

Ap sitt budsjettframlegg: Kuttar bølgjebrytarane for betre veg og undervisningsmateriell. Vil òg setja Fjellheim i stand.

Av: Andris Hamre

I formannskapet tysdag presenterte partia sine alternative budsjettframlegg for 2018.

Tidlegare år har gjerne fleire parti gått saman om å utarbeide eit omforent budsjettframlegg. Arbeiderpartiet har i år vald å fremja sitt eige.

– Budsjettet vårt er prega av at vi skal slåast saman med Fusa og bli Bjørnafjorden om eit par år, så vi har ikkje tillate oss dei heilt store sprella, innleia Tone Hepsøe.

I det budsjettet ser dei for seg gevinstar og sparte driftsmidler gjennom prosessen på å slå saman Os og Fusa kommune tilsvarande ein million kroner.

– Ved å redusera låneopptak ved ikkje å investere kr 22.000.000,- i bølgebrytarar i 2018, reduserer vi driftsutgifter ved låneopptak, heiter det i Ap sitt framlegg. Totalt har dei rekna seg fram til at dette utgjer 960.000 kroner for 2018.

Veg, kulturminne, skule og kjøken

Dei sparte driftsmidlane vil Ap bruke på ei midlertidig utbedring av vegen mellom Lyse Kloster Ruinane og Rindadalen i påvente av Åsen-Helleskaret (500.000), undervisningsmateriell til praktisk læring (600.000), microbit (50.000) og digital kompetanseheving for lærarar (260.000) , uteområde på Strøno barneskule (50.000). Tilskot til rosemålarstova på Lyngheim (200.000) og vedlikehald av Kraftverket på Gåssand  (200.000) og eit forprosjekt for å etablere kjøken på Luranetunet (100.000).

–Vi har fått eit flott bygg i Luranetunet, det einaste som manglar no er at vi også har eit eige kjøken knytta til sjukeheimen. Vi set av midlar til eit forprosjekt slik at det kan greiast ut korleis dette kan løysast og kva dette vil koste. Forprosjektet bør innehalde eit scenario der kjøkenet også kan produsere mat til dei som får heimkjørt mat via heimetenesta og ev. andre kommunale institusjonar som ikkje har eige kjøken.

– Undervisninga i skulen vert meir og meir digitalisert og det er viktig at lærarane får nødvendig skulering slik at alle kan nytte dei digitale plattformane/hjelpemidla som er tilgjengelige. Sjølv om mykje av undervisninga går via digitale verkty, er det også viktig å ha nok og godt verkty for praktisk læring. Vi set av midlar til både kompetanseheving og nytt utstyr. Skulane si satsing på koding gjer at vi også i år vil foreslå å investere i Microbit til elevane.

– På kulturområdet ser vi at det er trong for å ta vare på dei gamle verdiane våre. Rosemålingstradisjonane er viktige for Os og vi ønskjer å bidra til at rosemålingskunnskapen vert ført vidare medan vi endå har gode lærarar. Kraftverket på Gåssand kan for framtida bli ein av attraksjonane i Os og treng vedlikehald slik at det ikkje vert øydelagt og for dyrt å setje i stand, heiter det i budsjettframlegget.

Vil setta i stand Fjellheim

På investeringsbudsjettet gjer Ap også framlegg om nokre endringar. Ved å kutta bølgjebrytarane (-22 mill), men ta inn ei treningsleilegheit for rus- og psykiatriomsorgen (2,5 mill), rusta opp Fjellheim (2,5 mill), kjøpa digitalt orgel til Os kyrkje (500.000) og rusta opp uteområdet på Os ungdomsskule (500.000) reduserer dei låneopptaket med 16 millionar, samanlikna med rådamannen sitt framlegg.

– Fjellheim har potensiale til å vere ein kulturmøtestad for fleire grupper enn dei kommunen møter i dag. Vi ser at Fjellheim vert sett i stand slik at dette bygget igjen kan verte ein møteplass for osingane, skriv Ap.

Midtsiden kjem tilbake med dei andre partia sine budsjettframlegg.