Lokal | 18. feb. 2018

Kva er Fjelleheimtomta verd?

Politikarane håper å få 10 millionar for Fjellheimtomta. Er det realistisk?

Kva er Fjelleheimtomta verd?
Kva kan kommunen vente å få for Fjellheimtomta? Vi har spurt eigedomsmeglarar som kjenner Os og marknaden godt (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 18. feb. 2018 09:27

I kommunestyret tysdag skal politikarane stadfesta at Fjellheimtomta skal selgjast gjennom å gje fullmakt til eigedomsutvalet om å gjennomføre salet.

Allereie for ti år sidan bestemte det dåverande kommunestyre at Fjellheim skulle selgjast for å finansiere Oseana. 10 millioner kroner meinte ein at ein kunne få for den 2,6 mål store tomta.

Mellom 7 og 12 millionar

Midtsiden har bedt eigedomsmeglarane Åge Gulbrandsøy hos Bo Eiendomsmegling og Arild Vikøyr hos Privatmegleren Vikøyr & Brandt vurdere tomta.

– Barnehagetomta på nesten seks mål blei vel seld for 15,5 millionar. Her snakker vi om ei tomt som er ein god del mindre og det vil vel vera naturleg for ein utviklar å rive det som står der no. Eg vil tru at den kanskje ikkje går for meir enn 7 millionar. 10 millionar kan vera litt høgt. Det er ikkje sikkert det er ein marknad for det no, meiner Gulbrandsøy.

– Eg trur ikkje Åge er så langt unna, men samstundes så kan eindel av leilegheitene få bra med sol og dei lengst unna få ettermiddagsol. Det kan gjera at ein utviklar kan vera villig til å strekke seg opp i 10-12 millionar, seier Vikøyr.

Var for høgt prisa

Ein skulle kanskje tru at verdien på tomta hadde auka på dei ti åra som har gått siden kommunen sa 10 millioner, men slik er det altså ikkje.

– Eg trur dei bomma med 10 millioner for 10 år siden. Det var nok for høgt den gangen. Prisene har gått noko opp på ti år, men som sagt eg trur ikkje Fjellheimtomta går for meir enn 10-12 millioner. I tillegg må utbyggjar bruke eit par tre millioner på å rive og få infrastrukturen på plass, så då betyr det at han må rekne heim ein tomtekostnad på pluss/minus 15 millioner, analyserer Vikøyr.

Dei dyraste tomtane i sentrum går for litt i overkant av 500 000 kroner per eining. Vikøyr trur at ein utbyggjar ikkje vil strekka seg lengre enn til 350-400 000 kroner per eining for Fjellheimtomta.

Er interesse

Vikøyr trur eigedomen skal vera relativ lett omsetteleg.

– Eg har kunder i dag som er på kikk etter nye prosjekt, som dei kan starta opp med rundt nyttår. Tomta vil nok vera attraktiv i og med at reguleringsplanen og alt allereie er klar. Får ein til salet før sommaren, så kan ein utbyggjar kanskje byrje å selgje prosjektet allereie til hausten.

– Tomta er jo i det store og heile planert. Det er lite sprenging som skal til, kanskje må ein sikre litt med nokre murar, men ho er meir eller mindre byggjeklar når det som er der i dag er fjerna, avslutter Vikøyr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.