Lokal | 19. apr. 2017

Kva har Os fått ut av statlege skulemidler?

35 % av landets kommunar har fått færre lærarar i 1. til 4. trinn etter at dei fekk auka statlege tilskot, viser ei ny undersøking. Kva med Os?

Kva har Os fått ut av statlege skulemidler?
Ordførar Marie Bruarøy (H) peikar på at Os kommune allereie før dei statlege midla kom var i gang med tidleg innsats gjennom BLR (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 19. apr. 2017 12:25

TV 2 presenterte tysdag ein landsomfattande undersøking om i kva grad kommunane har auka antal lærarar i 1. til 4. trinn etter at regjeringa øyremerkte 700 millionar kroner til fleire lærarar.

Innsatsen skulle resultera i 1000 nye lærarar i barneskulen.

– Med auka lærartettleik på 1.-4. trinn styrkar vi tidleg innsats i skulen, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) for eitt år sidan.

TV 2 har henta ut data for alle kommunane i landet frå Grunnskulens Informasjonssystem og sett på utviklinga frå skuleåret 2014/15 til 2016/17. Undersøkinga syner at det i 35 prosent av kommunane har blitt færre lærarårsverk, trass dei øyremerka midla. I 46 prosent av kommunane har det òg blitt fleire elevar per lærar.

Sjå TV2 sitt kart her

Utnyttelsesgrad på 114 %

TV 2 si undersøking av Os kommune seier:

«I 2014/15 var det i snitt 19,46 elever per lærer i ordinær undervisning på 1.-4. trinn i Os kommune. I skoleåret 2016/17 var tilsvarende tall 17,6

Det betyr at utviklingen i antall elever per lærer viser en endring på 1,86
(positivt tall indikerer bedring, negativt tall indikerer forverring).

I 2016 fikk Os kommune 3 009 847 kroner i øremerkede midler til økt lærerinnsats på 1. til 4. trinn.

I teorien skulle de øremerkede midlene gitt 4,28 nye lærerårsverk i kommunen

I virkeligheten utviklet årsverktallet seg fra 68,21 i 2014/15 til 73,1 i 2016/17. Den reelle forskjellen var dermed 4,89 lærerårsverk fra 2014/15 til 2016/17.

Det betyr at kommunens utnyttelsesgrad av de øremerkede midlene var på 114 % »

Systematisk arbeid sidan 2013

Ordførar Marie Bruarøy (H) er ikkje overraska over resultatet for Os kommune.

– Allereie i 2013 starta vi eit systematisk arbeid med tidleg innsats gjennom prosjekt Betre Læringsresultat (BRL). Vi la inn ekstra bevillingar til prosjektet frå kommunen sitt budsjett allereie før desse øyremerka statlege midla kom, så det er ikkje overraskande at vi kjem positivt ut i oversikta.

– Samstundes så må det påpeikast at undersøkninga nok ikkje er heilt korrekt for alle kommunane. Alle kommunar fyller opp klassene før dei oppretter nye. Det påvirkar talet på elevar per lærar og varierer nok frå år til år, slik sett tykkjer eg undersøkinga gir eit litt for svart/kvitt bilete av ståa rundt i kommune-Noreg, seier Bruarøy.

Effekt om nokre år

Bruarøy trur ikkje ein vil sjå effekten av innsatsen før om nokre år.

– BLR var, og er, eit langsiktig prosjekt. I tillegg starta vi Two Teachers-prosjektet i haust, som òg handlar om tidleg innsats. I begge prosjekta tek det nokre år før vi kan sjå resultata, men å starta tidleg trur eg er det einaste rette. Det er berre å sjå til Finland som har gjort det på denne måten lenge, og som er blant dei beste.

– Det handlar om å få ned spesialundervisninga lengre ut i skuleløpet når ein oppdager at elevane ikkje har lært det dei burde. Det er tyngre å reparera enn å forebygga, avsluttar ordføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.