Lokal | 05. mai 2016

Kva lærer ungdomen om økonomi?

Hege Tønnesen lurde på kva sonen burde gjera med konfepengane. Så fann ho økonomiforfattar Ecklund, som no kjem til Os for å halda foredrag for foreldre.

Kva lærer ungdomen om økonomi?
Hege Tønnesen, leiar for FAU ved Os ungdomsskule, tente på ideen frå FAU-kollega Jannicke Opheim. No kjem ein økonomiforfattar til Os for å halda foredrag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. mai 2016 18:13

Hege Tønnesen har, som mor, ikkje som lege, tatt initiativ til å læra foreldre meir om ungdom og økonomi.

– Eg er leiar for foreldreutvalet ved Os ungdomsskule. Der kom Jannicke Opheim med ideen som tema for oss å drøfta.

– Sonen vår konfirmerte seg i år, og mange av dagens ungdom får veldig store summar inn på konto denne tida på året. Konfirmanten vår hadde ikkje noko spesielt han sparte til eller ønskte seg, og då eg byrja å søka etter informasjon om ungdom og sparing fann eg Ecklund og tente raskt på ideen frå Jannicke.

– Dess meir eg las dess meir slo det meg at dagens ungdom lærer altfor lite om pengar og økonomi på skulen.

Kva kostar det å driva ein heim, med huslån, forsikring, straum og breiband? Kor mykje eigenkapital treng du for å koma deg inn på bustadmarknaden, og kva er beste måten å spara på?

Kva med alle lånetilboda som det blir annonsert for, forbrukslån utan tryggleik - korleis førebu ungdomane på det som møter dei i løpet av dei neste åra?

Henta økonomi-forfattar til Os

Noko av det som fatta Tønnesen si interesse var omtale av boka «Hva er økonomi? Fakta og funderinger» (2015) av Gunhild J. Ecklund.

Ecklund er utdanna dr.oecon. og økonomisk historiker. I perioden 1999–2012 var ho tilsett som forskar ved Senter for næringslivshistorie ved Handelshøyskolen BI. Sidan 2013 har ho jobba sjølvstendig som forfattar og formidlar, og er særleg interessert i gje barn og unge meir kunnskap om økonomi.

– Eg kontakta Gunhild og ho var svært imøtekomande. Så byrja ting å ta form, fortel Hege.

Den første delen av boka til Ecklund handlar om korleis ungdom kan sikra seg ein god økonomi, den andre delen gir kunnskap og forståing om korleis økonomi, renter og valuta heng saman.

Ope møte for alle foreldre

Tønnesen har invitert Ecklund til Os for å halda foredrag for foreldre til elevar frå begge ungdomsskulane, Os og Nore Neset.

– Det har vore gode møte og foredrag før, der alle foreldra har vore invitert, men berre 30-40 har dukka opp.

– Eg trur at vi på dette møtet får god kunnskap om korleis vi førebur ungane våre på vaksenlivet og håper oppslutnaden blir god.

Ecklund kjem til Os ungdomsskule på kvelden (kl 18) onsdag 11. mai.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.