Lokal | 09. mars 2014

Kva med kysttorsken?

Lesarinnlegg: Brua over Bjørnefjorden blir ein gigantisk, støyande undervasshøgtalar. Kva skjer då med det biologiske mangfaldet?

Kva med kysttorsken?
Kva skjer med kysttorsken om det kjem bru over Bjørnafjorden? (ill. Statens Vegvesen/Jan Tore Øvredal)
Andris Hamresøndag 09. mars 2014 09:16

I alle år har Bjørnefjorden vore særs rik på fisk. Her finn ein blant anna torsk, hyse, sei, makrell, sild og brisling. Jamvel enkelte kvalartar finn turen innom fjorden. Dette har gitt levebrød til mange fiskarar og middagar og rekreasjon til mange familiar i kommunane rundt fjorden.

I debatten omkring det nye brusystemet som skal strekkja seg frå Reksteren til enten Øyane eller Bjørnatrynet, manglar det informasjon om kva som vil skje med det biologiske mangfaldet i fjorden. Brua vil ha gigantiske betongkonstruksjonar som skal bera den firefelts breie vegen over fjorden. Desse konstruksjonane skal delvis flyta eller dei vert forankra til botn, er det sagt.

Når vi menneske er nær ein trafikkert veg, så merkar vi at støyen frå trafikken er særs ubehageleg og sjenerande. Særleg merkbar er den lågfrekvente lyden frå tungtrafikken som vibrasjonar som forplantar seg over lange avstandar i terrenget. Trafikken som vil gå over Bjørnefjordsbrua vil laga same støy som ein firefelts motorveg. Støyen vil forplanta seg gjennom brukonstruksjonane; dei blir som gigantiske undervasshøgtalarar som spreier lyd ut i fjorden. Den lågfrekvente lyden frå trafikken forplantar seg lettast gjennom brukonstruksjonane og den kan forplanta seg over enorme avstandar.

Mange fiskeartar har god hørsel, og dei er mest følsame for lågfrekvent lyd. Hørsel er særs viktig for å unngå fiendar når synet ikkje kan brukast i mørket. Fisk lagar sjølv lyd når dei kommuniserer. Til dømes lagar torsk og hyse lyd til kommunikasjon seg i mellom og til å finna partnar, mens sild og brisling har utvikla ein særs god hørsel som er viktig for å oppdaga fiendar. Fiskeridirektoratet sine kart over gytefelt for kysttorsk viser mange viktige gytefelt i Bjørnefjorden; rundt Os, Øyane, Reksteren, Tysnes og Fusa. Det finns kunnskap om at dersom gytande fisk blir forstyrra av ytre lydstimuli, kan dei stoppa gytinga.

Når trafikkstøyen frå brua spreier seg gjennom brukonstruksjonane og ut i fjorden, aukar det totale lydnivået – kalla bakgrunnsstøyen – i fjorden, og vi får såkalla lydmaskering. Det vil seia at svake lydar som fisk lagar eller lydar som dei oppfattar å komma frå fiendar, blir overdøyvde av bakgrunnsstøyen. Dette er som når vi menneske er i eit rom med mykje folk og støy og må heva røysta for å høyra kvarandre. Stundom hjelper heller ikkje dette, og vi må forlata det støyande rommet. Fisk kan ikkje heva røysta si, og derfor vil det auka støynivået føra til at fisk ikkje klarar å kommunisera med kvarandre eller å unngå fienden.

Undersøkingar viser at fisken ofte trekkjer seg vekk frå områda med mykje støy. Forsøk gjort i område med seismisk skyting, viser at fisk rømer derifrå når det pågår skyting. Det er difor klare retningslinjer for når seismiske fartøy har lov å skyta nær gytefelt og fiskefelt. På land er det til ein viss grad råd å skjerma seg frå trafikkplager som støy og forureining, til dømes ved å leggja om vegen. Dette blei som kjend gjort for å bevara augestikkarkolonien då vegen mellom Os og Rådal vart prosjektert. Å skjerma for spreiing av lågfrekvente lydar i fjorden er mest umogleg. Det gjer det svært urovekkande at planlagd trasé for brua vil liggja nær gytefelt for torsk, og kan hende over desse felta.

Kysttorsken er på lista over truga fiskeartar

Meg kjend er det ikkje undersøkt kva støy frå slike store vegprosjekt i fjordar vil gjera med det biologiske mangfaldet i områda. Slike undersøkingar er krevjande og blir ikkje prioritert eller rett og slett ignorert i prosjektering av brua. Bjørnefjords-prosjektet skal gjennomførast utan at det skal utførast ei konsekvensutgreiing. Dette er svært merkeleg, for vi veit mellom anna at ved bygging av vindkraftverk til havs må tiltakshavar først gjennomføra ei konsekvensutgreiing, som så skal vurderast av offentlege styresmakter før bygginga eventuelt kan starta opp. I slike samanhengar er tilført støy i sjøen og påverknad på fisk, krepsdyr og sjøpattedyr eit av vurderingskriteria.

Rundt Bjørnefjorden er det mange gode lakseelver, bl.a. Oselvo og Tysselvo. Når yngel (smolt) frå desse elvene skal ut i Norskehavet for å beita, vil dei fleste måtta passera brukonstruksjonane i fjorden. Sidan smolten sym heilt oppe i vasslaget, er det stilt spørsmål frå andre liknande prosjekt om dette vil påverka utvandringa. Då laksen i Vosso forsvann, blei det blant anna undersøkt om Nordhordlandsbrua var ei av årsakene. Merkeforsøk viste at oppimot havparten av den utvandra smolten ikkje klarte å passera brua; nokre blei ståande på innsida av brua i lengre tid og mange blei etne av fiendar som fugl, sjøaure og lyr. Dei som passerte måtte symja djupare, og blei blant anna meir eksponerte for lakselus.

Det er ikkje konkludert med at trafikkstøy er årsaka til at mykje av smolten ikkje klarte å passera brua. Nordhordalandsbrua er å rekna for eit miniprosjekt samanlikna med Bjørnefjordbrua, så kva som vil skje med laksen i elvene rundt Bjørnefjorden dersom brua kjem, er uklart og urovekkjande. På verdsbasis er ein svært uroa over dei aukande menneskeskapte lydnivå i havet som kjem blant anna frå aukande båttrafikk, oljeleiting og nye installasjonar som vindkraftverk. Utifrå tilgjengelig kunnskap og eit føre-var-prinsipp er det uforståeleg at dette ikkje blir tatt på alvor her hos oss!

For alle som er glad i å fiska i Bjørnefjorden, enten ein er yrkesfiskar eller bruker fjorden til rekreasjonsfiske, er det grunn til uro. Verken vegsjefen, politikarar i Os, Bergen og Tysnes ser ut til å uroa seg over slike ting. Det ser ut som prosjektet skal gjennomførast i høgt tempo og utan tankar for konsekvensane.

Så kva skjer om det biologiske mangfaldet i Bjørnefjorden vert skadelidande eller om det vil gå ut over rekrutteringa av laks i fiskeelvane? Kanskje misser generasjonane etter oss opplevinga det er å liggja på fjorden å nyta den fantastiske gleda som det er å dra opp sei og torsk? Kanskje får dei ikkje fiska den mengde laks som vi veit elvene kan bera. Dette får vi ikkje svar på før brua er bygd, og då er det for seint.

Jan Tore Øvredal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.