Lokal | 04. apr. 2014

– Kva med lokalbefolkninga?

Styrer utbyggjarar eller politikarar og innbyggjarar stadsutviklinga? Pål Winsents er Os-aktuell med "Sørlandsrefseren".

Andris Hamrefredag 04. apr. 2014 13:56

Måndag blir dokumentarfilmen "Sørlandsrefseren" vist på Litteraturhuset i Bergen klokka 18.30. Gjennom fem år har Pål Winsents følgd sørlandsrefseren Erling Okkenhaug som i 25 år har kjempa for at byutvikling skal respektere dei opprinnelege stedsmiljøa, inkludere lokalbefolkninga i prosessen og ikkje overlete reguleringsplanane til utbyggjarar og deira arkitekter.

– Eg vil tru filmen er dagsaktuell for osingane, med den byutviklinga som har skjedd og skal skje på Osøyro, seier regissøren.

Frå offentleg til privat styring

Winsents er i desse dagar på ein noregsturne med filmen som måndag kjem til Bergen.

– Vi har hatt omlag 20 visningar frå Tromsø og sørover.

– Eit gjennomgåande tema i debattane etter visningane har vore at ein har hatt reguleringsplanar og byplanar, men at dei meir og meir har blitt vegleiarar og at det har blitt opp til utbyggarar og deira arkitektar korleis ein tettstad skal sjå ut.

– Der det tidlegare var i kommunal regi og styring, har det no blitt i privat regi, fortel Winsents.

Innbyggarane må engasjera seg

Problemstillinga har fleire sider.

– På den eine sida så må innbyggarane bli invitert med inn tidleg i prosessen før skissene når lokalavisa.

– Samstundes så må òg folk engasjera seg sjølv tidlegare. Alt for mange søv i timen.

– Som Erling seier i filmen - klar, ferdig, forseint.

– Det trur eg ofte kan vera problemet, at folk engasjerar seg for seint og då berre klagar og kritiserar og på den måten snakkar heimstaden sin ned.

– Eg håpar "Sørlandsrefseren" kan vera med å opne auga til folk og at både styrande politikarar og innbyggjarar tek turen til Litteraturhuset måndag.

Dette er Sørlandsrefseren

Skal folk bry seg når sentrale utbyggingar vil påverke ein stad sitt særpreg, eller er det kun noko utbyggjarar, politikarar og byråkrater skal bry seg om?

Den brysomme austlendingen Erling Okkenhaug gjev seg ikkje på tørre møkka (PTM-metoden) når han ser at Risør sitt særpreg blir truga av utbyggjarar som vil utvikle einsarta leilegheitsblokker i ein av dei best bevarte trehusbyane i Europa.

Sjøv om lokalbefolkninga fikk sjå og høyre om planen på eit eige møte er det ikjke godt nok for Okkenhaug, då heile arkitektkonkurransa blei arrangert uten at dei fekk vera aktivt med i utviklingsprosessen.

Difor meiner han at Risør sine innbyggjarar er ført bak lyset av utbyggjarane og enno meir alvorleg, av sine eigne folkevalde.

Riksantikvaren er òg satt i sjakk matt av Fylkesmannen si kulturminneavdeling fordi dei ikkje hadde innsigelser til reguleringsplanen, som forøvrig er ført i pennen av vinnarane av arkitektkonkurransa. Når dei same arkitekane får sparken av utbyggjarane augnar Okkenhaug nytt håp for eit heilt nytt prosjekt og reguleringsplan. Han får med seg nokre lokale entusiastar og saman sett dei in ein langspurt for noko som er i tråd med den variasjonen i format, størrelse, stol og sjølvgrodde uttrykk som preger Risør.

Men kan Okkenhaug og co overvinna store, mektige utbyggjarar?

Video: Sjå klipp frå Sørlandsrefseren

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.