Lokal | 26. mars 2015

Kva parti får di røyst?

ValiOs15, Meiningsmåling: Dei politiske partia er så vidt i gang med valkampen. Midtsiden lurer på kva parti som hadde fått di røyst om det var val i dag.

Kva parti får di røyst?
Blir Ap sin Helge Steinum, Venstre sin Jon Sivert Rykkel eller Frp sin Terje Søviknes ordførar etter valet i september? (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 26. mars 2015 08:39

Valkampen har starta rekordtidleg i år, med lesarinnlegg og ei rekkje utspel i dei lokale avisene frå dei politiske kamphanane.

Vi i Midtsiden kjem til å følgja valkampen tett under merkelappen «ValiOs15». Den vil du finna igjen både på twitter, instagram og her på midtsiden.no.

For å måla korleis lokalpolitikarane gjer det i valkampen kjem vi til å køyra meiningsmålingar med ujamne mellomrom, kor vi stiller det enkle spørsmålet:

Om det var val i dag, kva parti ville fått di røyst?

Undersøkinga gjennomfører vi som ei lesarundersøking, kor alle som er inne på Midtsiden blir invitert til å delta.

Vi er klar over at dette kan gjera at vi ikkje får eit representativt utval, men meiner likevel at det vil gi ein peikepinn på kva retning den politiske vinden bles.

Denne undersøkinga var tilgjengeleg torsdag 26. og fredag 27. mars.

Slik gjekk det i 2011

Valet i 2011 gav denne fordelinga av røyster og seter i kommunestyret:

Parti Stemmer Prosent Mandat Val 07 %
Ap 1688 19,4 7 (+2)
14,1 Frp 3281 37,8 13 (-4)
44,8 H 1385 16,0 6 (+2)
11,5 KrF 458 5,3 2 (-)
6,2 MdG 89 1,0 0 (-)
- Raudt 30 0,3 0 (-)
0,6 Sp 289 3,3 1 (-)
3,4 SV 150 1,7 0 (-1)
3,4 TvS 853 9,8 4 (-)
12,0 V 458 5,3 2 (+1)
4,0 Totalt   100

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.