Lokal | 07. aug. 2017

Kva skal born læra av svanefellinga?

– Når dei som sørgjer blir sint, bør dei ikkje retta sinnet sitt mot folk, meiner psykolog.

Kva skal born læra av svanefellinga?
Hamnesjefen på svømmetur på Oselvo med 2014-kullet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. aug. 2017 12:36

Natt til torsdag 3. august blei knoppsvanehannen «Hamnesjefen» avliva. Avlivinga var i tråd med fellingsvedtak frå tidlegare i sommar, men har skapt reaksjonar både hos dei som hadde håpa på at svana kunne omplasserast, og dei som i utgangspunktet var imot at svana skulle fjernast.

– Det blei ei spesiell sak, all merksemda har forbausa meg. Denne svana har blitt eit ikon, omtrent som eit kjæledyr for mange. Då er det både normalt og sunt å føla sorg, seier psykolog Else M. Smith-Sivertsen.

Smith-Sivertsen har jobba med born «heile livet», og var spesialpedagog før ho for 25 år sidan byrja å praktisera som psykolog. Sjølv om ho har nådd pensjonistalder er ho framleis praktiserande, og like opptatt av born.

– Noko av det mest triste eit born kan oppleva er å mista nokon dei er glade i, anten det er menneske eller dyr. I samband med denne svana, som blei så kjent og kjær for mange, og som har vore så aktuell i mediabildet, er det også viktig å forklara ungane heile historia.

– På same måte som svana ikkje var eit grusomt dyr, så er ikkje menneska som bestemte at denne skulle avlivast grusomme personar.

Os kommune har brukt fleire titals tusen kroner på «Hamnesjefen», betalt fleire omgangar med veterinærutgifter og støtta og finansiert skilting for å redusera mengda konfrontasjonar mellom båtfolk og svane. Os brannvesen har fleire gongar hjelpt svana, både med fiskekrok i nebbet og ungar som har sett seg fast i tauverk.

– Det er ei årsak til at svana var på vakt og det var ei årsak til at det kom eit fellingsvedtak. Det er fleire nyansar, og dei bør vi som vaksne prøva å forklara ungane våre. Dei må få heile bildet. Og både vaksne og ungar som er lei seg må gje seg sjølv rett til å føla sorg, det er heilt naturleg.

Drapstrugslar og boikott

Både etter at fellingsvedtaket blei fatta, og etter at det blei effektuert, har enkelte reagert med så mykje sinne at dei har retta drapstrugslar og sjikane mot ordførar, varaordførar og administrasjonen i Os kommune.

Då saka har fått omfattande merksemd av rikspresse, og utanlandsk presse, er det folk frå store delar av landet, og frå Danmark og Sverige, som har engasjert seg.

I helga fekk Midtsiden fleire tips om at det også er starta ein boikott av «alt og alle i Os», der enkeltpersonar frå Os og andre stadar går inn på facebooksidene til ulike firma og organisasjonar, som har opna for at folk kan gje selskapet karakter, med karakter 1 og ei melding som seier «Os kommune inspirer til dyredrap». (Vi reknar med at dette er ein skrivefeil, og ikkje ei oppfordring, at avsendar hadde meint å skriva «inspirerer»).

– Kva tenkjer du om slike reaksjonar?

– Når du opplever sorg kan du òg bli sint. Sinne i seg sjølv er òg sunt, du kan vera sint fordi noko har blitt som det har blitt. Men du bør ikkje retta dette sinnet mot andre.

– No er ikkje eg på Facebook, så eg får ikkje med meg kva som blir skrive der. Men dette med trugslar og boikott bør ikkje kommenterast, det bør ignorerast. Enkelte folk kan oppføra seg så urimeleg at det er vanskeleg å forklara eller argumentera. Dette er lavmål, lat oss berre trekka på skuldrene av slik åtferd.

– Vi bør heller vera vaksne og ta ansvar for ungane si utvikling, både våre eigne og dei som følgjer saka. Både ungar og vaksne har lov å sørgja, samtidig som dei aksepterer at det blei som det blei med denne svana. Eg er sjølv glad i svanefamilien, og ser dei frå heimen min i Os Sjøfront nesten kvar dag. Men det kan koma situasjonar der dei som styrer vedtar felling også av freda vilt, og dette er jo noko som har bygd seg opp over fleire år.

«Hamnesjefen»-saka:

• Eit knoppsvanepar har sidan 2011 hekka i Oselvo. Hannen har fått tilnamnet «Hamnesjefen».

• Hamnesjefen har vore i fleire konfrontasjonar med ungar i båt. Ved minst eitt tilfelle ramla båtførar i sjøen, ein annan har køyrd i stolpen på Osbrua då han blei distrahert av svanen.

• Hamnesjefen gjekk fredag 30. juni i år til angrep på ei barnehagejente som vassa i Mobergsvika.

• Kommentar: Bør «Hamnesjefen» fjernast?

• Måndag 3. juli fatta Os kommune vedtak om felling, gyldig frå 23. juli og to veker fram (felling innan søndag 6. august).

• Fredag 21. juli sa Miljødirektoratet nei til eventuell flytting av svanen, måndag 24. juli, etter møte mellom Svanehjelpen i Os og Os kommune, blei fristen for effektuering av vedtaket forlenga for å få betre tid til å undersøkja om svana likevel kan flyttast.

• Måndag 31. juli demonstrerte 30 aktivistar framfor rådhuset mot fellingsvedtaket. Då blei det klart at landbrukssjefen har forlenga fristen med 14 dagar, altså til 20. august.

• 2. august: Advokat hevdar vedtaket om felling er ugyldig.

• 2. august: Jente hamna på sjøen etter at Hamnesjefen angrep to jenter i ein båt.

• 3. august: Kommunen effektuerte fellingsvedtaket.

Vi ber lesarar som kommenterer om å halda ein sakleg tone!


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.