Lokal | 12. apr. 2014

Kva skal du i påsken?

5 på Øyro: Frå hagestell til siste smak av vinter for i år, Midtsiden har sjekka påskeplanane til eit lite utval av folk i Os.

Kva skal du i påsken?
Gerd Jorund er ein av dei vi snakka med. Ho tar seg kanskje ein tur til Fusa i påsken. (Foto: Joakim Kvernes Forstrønen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. apr. 2014 07:17

Bildeserie:

Øyvind Tøsdal. (Foto: Joakim Kvernes Forstrønen)
Øyvind Tøsdal. (Foto: Joakim Kvernes Forstrønen)
Morten Søvik. (Foto: Joakim Kvernes Forstrønen)
Morten Søvik. (Foto: Joakim Kvernes Forstrønen)
Emilie Askvik Bøe. (Foto: Joakim Kvernes Forstrønen)
Emilie Askvik Bøe. (Foto: Joakim Kvernes Forstrønen)
1 av 3
Øyvind Tøsdal. (Foto: Joakim Kvernes Forstrønen)
Morten Søvik. (Foto: Joakim Kvernes Forstrønen)
Emilie Askvik Bøe. (Foto: Joakim Kvernes Forstrønen)

Vi i midtsiden tok ein runde rundt på Os og spurte 5 forskjellige Osingar vi fant på gata om kva dei skulle finne på i påsken. Her kan du lese kva dei sa.

Tekst og foto: Joakim Kvernes Forstrønen, elev ved 9. trinnet på Nore Neset skule, utplassert hos Midtsiden.

Onsdag var Midtsiden ein runde på Os for å høyra med folk vi møtte på, kva planar dei har for påsken.

Øyvind Tøsdal

– Nei, eg skal vel heim og rydda i skogkrattet og kappa opp nokre buskar med flisekuttaren. Eg får vel jobba litt i hagen òg.

Gerd Jorund Øvrebø

– Eg skal mest sannsynleg vera heime og kanskje ta nokre småturar rundt omkring. Eg tar meg kanskje ein tur til Fusa, men eg ser det an på vêret.

Morten Søvik

– Eg vil gjerne prøva å nå toppen på flest mogleg fjell i Os, kanskje eg startar med Lyshorn og Liafjellet. Det blir vel også masse god mat, så eg får eg ta nokre fjellturar etterpå for å jamna det ut.

Emilie Askvik Bø

– Eg skal vera med venar og så skal eg til Myrkdalen på ski frå onsdag til søndag. Måndag skal eg på keepertrening.

Toril Øysteinsen

– Eg skal jobba i påsken. Eg jobbar i helsevesenet, men eg reknar ikkje med at det blir så travelt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.