Lokal | 14. nov. 2014

Kva skjedde?

Lesarinnlegg, Øyane: Kvifor kjem det ikkje fortau på fylkesvegen ut til byggjefeltet først – før utbygginga startar?

Kva skjedde?
Ytste del av Røtingavegen, forbi barnehagen, er utan fortau. Vegen går forbi barnehagen og ut til eit nytt bustadfelt som er under bygging. (Ill. foto: KVB)
Kari M. Lyssandfredag 14. nov. 2014 07:57

Ein morgon seint i september vakna me opp til eit radikalt auka trafikkbilde i Øyane. På vår elles ganske trygge tur på skulevegen vart det plutseleg skummelt å gå til skulen. Det kom lastebil på lastebil med eller utan stein og jord. Dei fleste køyrde nok i fartsgrensa, og såg at det var mange små og store ute som gjekk og sykla. Men me fotgjengarar fekk sjokk.

Me er ikkje vane med så mykje tungtrafikk på denne vegen. Grunna mykje trafikk har det på kort tid blitt endå fleire som kjører ungane til barnehage og skule, noko som har ført til endå fleire bilar på vegen – ein veg utan gang- og sykkelsti.

Me hadde jo høyrt at det endeleg var godkjend mange tomter til byggefelt på Fyren (Torsneset) etter mange års saksgang. Men at det skulle bli oss som fekk oppleva det trafikkbildet som Bjånes-folket har kjempa sånn imot, det hadde me ikkje trudd!

Den siste halve kilometeren med fylkesveg ut mot Fyren; vegen frå Hauagrinda til snuplassen ytst på Røtinga er utan fortau. Dei skuleungane som bur langs denne strekningen er blant dei som har farlegast skuleveg i skulekrinsen. Her er mykje trafikk til/frå barnehagen, og med passerande lastebilar i tillegg må gåande ut i grøfta når alle skal passera kvarandre.

Kvifor kjem det ikkje fortau på fylkesvegen ut til byggjefeltet først – før utbygging startar?

Mange bilar skal trafikera vegen i åra framover. Er det ikkje elementært å leggja til rette for dei mjuke trafikkantane før ei utbygging kjem? Då me sjekka på nettsidene til kommunen var det ingen kommentarar til vegutbygging i saksdokumenta.

• I Os kommune sine etiske retningsliner står det at tilsette og folkevalde skal arbeida for det beste for fellesskapet. Er ikkje dei mjuke trafikantane som i fleirtal er barn og unge, ein del av fellesskapet?

• På Statens vegvesen sine sider står det i formålsparagraf at planlegging skal sikra gode oppvekstvilkår for barn. Er det gode oppvekstvilkår med massiv tungtrafikk på ein skuleveg utan fortau?

Me ynskjer trygg skuleveg i Øyane og, sånn som folk på Bjånes og i resten av Os. Då byggjefeltet på Bålhaugen kom, vart det laga fortau frå fylkesvegen langs den kommunale vegen og fram til byggjefeltet. Kvifor blir ikkje det gjort i samband med utbygginga på Fyren, som går forbi barnehagen i krinsen?

Heldigvis skal Lepsøyvegen utbetrast no, med gang- og sykkelsti. Tenk kor trygt og godt det hadde vore om sykkelstien hadde snodd seg heile vegen ut ...

Astrid Dale og Marion Dale Wollertsen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.