Sport | 14. des. 2016

Kva synest Os om det nye samarbeidet?

Til no har Os stått åleine som den lokale storklubben, med Lysekloster sin nye partner Nore Neset som viktig veslebror.

Kva synest Os om det nye samarbeidet?
Sportelg leiar i Os Fotball, Jan Frode Skeie, er glad for det nye samarbeidet mellom Nore Neset og Lysekloster. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. des. 2016 11:57

I går blei det kjent at Lysekloster il og Nore Neset il inngår eit tett samarbeid innan gutefotball, frå ungdomsnivå til senior.

• Les òg: Lysekloster + Nore Neset = Sant

Uavhengig av nivået Lysekloster A-lag speler på, har Os med sine over 800 fotballspelarar til no stått åleine som storklubben i bygda, ein naturleg stad å senda unge talent for vidare utvikling inn mot A-lag og vidare til toppklubbar.

No går fotballen i Os inn i ei ny tid med to store einingar. Lysekloster + Nore Neset har til saman 500-600 fotballspelarar.

(Over 10 prosent av innbyggarane i Os mellom 5 og 50 år speler fotball.)

Ny skulestruktur - ny fotballstruktur

Lysekloster, som har klatra frå 7. divisjon til 3. og 2. divisjon, er ikkje stor nok som barneskulekrins til å få same ruvande, lokale fotfestet åleine.

I fjor måtte dei trekka andrelaget sitt, i år har dei hatt G14 (med fleire yngre spelarar) som eldste lag etter A-laget. På A-laget har dei i år berre hatt Jonassen, Eidsvik og Olsen som lokale spelarar frå Osbygda.

No får Lysekloster den nest største klubben i bygda som rekrutteringsarena.

• Nore Neset ungdomsskule har elevar frå Søre Neset, Øyane, Strøno, Skeie og Lysefjorden, til saman 366 elevar.

• Os ungdomsskule har 370 elevar frå Os og Søfteland.

– Bra for heile bygda

Handball og jente-/damefotball, der Nore Neset frå før har samarbeid med Os Turnforening, inngår ikkje i det nye samarbeidet mellom Lysekloster og Nore Neset.

Men også på gutesida i fotballen har Nore Neset lenge hatt Os som samarbeidspartnar, både i Os-Alliansen (der alle klubbar har vore inviterte) og i generell rolle som rekrutteringsarena til den lokale storklubben.

Spelarar som Egil Thuen og noverande A-lagsspelarar på Os; Knut Spangelo Haga, Kasper Sandven Færøvik og Thomas Lunde Fosen, vaks opp på banen på Skeie.

– Mister Os ein viktig rekrutteringsarena med Nore Neset sitt nye samarbeid med Lysekloster?

– Det er bra at det blir lagt til rette for at fleire spelarar kan få eit godt treningstilbod, er den første kommentaren frå sportsleg leiar i Os Fotball, Jan Frode Skeie.

– Eg trur dette samla sett er det beste for Os som fotballbygd. Folketalet i Os har auka kraftig, det har blitt fleire fotballspelarar og tilbodet til dei unge er endå betre enn før. Os har for eksempel 90 ungar som går på fotballfritidsordning, Nore Neset har over 30.

Samtidig rettar han ein takk til Nore Neset for mange år med godt samarbeid, og ser fram til vidare fellesskap.

– Eg synest samarbeidet har fungert bra og stadig betre. Spesielt dei siste to åra har kommunikasjonen vore tett og god, seier sportsleg leiar i Os Fotball, Jan Frode Skeie.

– Det er alltid utfordrande når du skal gje betre tilbod til dei som har kome lengst og som ønskjer å satsa. Her må det vera open og god dialog mellom klubb, trenarar og foreldre. Du skal ikkje flytta på for mange spelarar for tidleg, det er viktig at det opprinnelege laget har mange nok spelarar, og at dei ikkje blir ribba for dei beste.

– I mange samanhengar er det ikkje rett å ta imot talentfull ungdom med ambisjonar, eller ambisiøse foreldre. Vi har sagt nei til fleire, også i år, anten fordi vi har meint at det var for tidleg, eller fordi vi har sett at det blir for stort tap for laget som står igjen. Men om spelaren skil seg veldig ut, som for eksempel Knut Spangelo Haga, må trenarane vera vaksne og ta omsyn til vedkomande si spelarutvikling og kva som er rett nivå.

Betre spelarutvikling - og meir fellesskap?

Os Fotball satsar tungt på spelarutvikling. I fjor engasjerte dei Frode Lohne Sæle, i haust fekk han selskap av Karl Kvile. Dei to har blant anna bakgrunn frå Fyllingsdalen, der dei bygde opp det beste gutelaget i Noreg. No blir det jobba med eit system for auka kvalitet på treningane heilt ned i 6-7-årsalderen.

– Kva betyr det for Os sitt arbeid med spelarutvikling å mista Nore Neset?

– Slik eg forstår det så skal dei særleg jobba med å få inn fleire kvalifiserte trenarar i ungdomsfotballen. Det å få inn trenarkapasitetar er ei utfordring for mange klubbar, at dei no tar tak i det er bra. Til sjuande og sist vil det vera med på å skapa fleire gode fotballspelarar i bygda. Eg trur det både er rom for, og behov for, to store einingar.

– Os Fotball har 3 seniorlag, 3,5 juniorlag og 3 gutelag. Nedover i rekkene er vi òg rekordmange spelarar. Vi opplever rekruttering frå både Søfteland, Fusa og Tysnes, og har mange flinke ungdomar å jobba med. Det vil nok dessutan framleis vera Os-spelarar som går til Nore Neset eller Lysekloster, og spelarar som går på skule på Nore Neset, men som ser på Kuventræ som beste arena. Vi bør framleis ha open dialog mellom alle klubbane for at kvar spelar skal få rett arena.

Os-Alliansen, for spelarar i 13-14-årsalderen, kan òg koma til å bestå.

– Sjølv om vi no har fått to store einingar vil vi i Os halda dialogen med Nore Neset og Lysekloster om treningssamlingar med dei største talenta i bygda. Det er kjekt for talenta i Os kommune å møtast og å bli kjent, samtidig som dette kan vera ein god arena for vidare utvikling, seier Skeie.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.